Er du ein barnehagelærar som set pris på gode relasjonar og ein variert kvardag?
Fjaler kommune Yksnebjør barnehage
Yksnebjørvegen 19-21, 6963 Dale i Sunnfjord
Om jobben
Stillingstittel
Pedagogisk leiar i 100 % fast stilling til nyopna avdeling i Yksnebjør barnehage og pedagogisk leiar til vikariat
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. november
Yksnebjør barnehage har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar til nyopna småbarnsavdeling. Tilsetjing for denne stillinga er snarast. I tillegg har vi ledig 100 % vikariat for pedagogisk leiar i perioden 01. februar 2026 til 31.12.2026.
Som vår nye kollega blir du ein del av eit positivt arbeidsmiljø og vil få vere med å bidra til ein kjekk og variert kvardag, med ansvar og leik. Yksenbjør barnehage ligg høgt og flott til med eit allsidig uteområde. Vi har flott utsyn over Dalsfjorden og har nærleik til sjø, skogsområde, bibliotek og sentrum.
Vi ønskjer oss søkjarar som er gode på å bygge relasjonar til barn og deira føresette og som går inn i stillinga med engasjement og initiativ. Høyrest dette ut som deg? I så fall gler vi oss til å få søknaden i frå deg. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål om stillinga eller vil høyre meir om korleis det er å jobbe i Yksnebjør barnehage.
Arbeidsoppgåver
Som pedagogisk leiar vil du ha arbeidsoppgåver der du brukar din faglege, pedagogiske og etiske kompetanse for å skape ei ramme der barn kjenner seg som ein del av eit fellesskap; ei ramme der barn får utvikle seg og oppleve meistring. Du vil ha ansvar for å rettleie medarbeidarane på avdelinga di og sjå til at barnehagelova og rammeplan vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet på avdelinga.
Kvalifikasjonar
- Vi ynskjer at du har utdanning som barnehagelærar.
- Annan treårig godkjent pedagogisk utdanning på høgskulenivå er også velkomen til å søkje.
- Gode norskkunnskapar - både skriftleg og munnleg.
- Den som vert tilsett må legge fram godkjent politiattest.
Om deg
- Du har eit godt samspel med barn og vaksne.
- Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse.
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Du har evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør.
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
- løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- ein variert og kjekk kvardag
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg.Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2281b5ab-ad69-443d-9755-3e0ae6bddcee
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3554185_178067_nn