Kulturskulelærar(ar)
Kulturskulen, Vestre Slidre kommune
Slidrevegen 15, 2966 Slidre
Om jobben
- Stillingstittel
- Kulturskulelærar(ar)
- Oppstart
- 1. august 2026
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 5
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 11. mars
Kulturskulane i Valdres samarbeider tett for å gje optimale tilhøve for lærarane. No har Vestre Slidre kulturskule (VSK) og Nord-Aurdal kulturskole (NAK) ledig stilling i kunstfag, langeleik og toradar.
VSK er ein kulturskule med høgt engasjement og stor oppslutnad blant innbyggjarane. Det tette samarbeidet med grunnskulen gjer at vi kan ha mykje av undervisninga på dagtid, og at ein — i tillegg til det ein tradisjonelt ser føre seg med «kunstfag» — også har tilgang til keramikkomn, 3D‑printer, stor vinylkuttar og varmepresse.
NAK er den største kulturskulen i Valdres, med nye, moderne lokale sentralt plasserte i regionsenteret Fagernes. Begge skulane opplever å vere høgt prioriterte i eigen kommune. Kunstfaget i NAK er utstyrt etter meir tradisjonelle forventningar, men skulen er open for å prøve ut nye retningar i faget.
Vi treng lærarar til eit breitt spekter aktivitetar, så det er truleg aktuelt å tilsetje i fleire mindre stillingar. Hugs å oppgje i søknaden kva aktivitetar du ser føre deg å dekkje.
Vi treng lærar(ar) til:
- Kunstfag i ca. 40% (VSK 7,69 %, NAK 33,33 %)
- Langeleik i ca. 10% (VSK 3,85 %, NAK 5,98 %)
- Torader i ca. 11% (VSK)
- Kultur-SFO for 1.–2. klasse – med ein relativt fast aktivitet etter eige val i 3,85% (VSK). Her treng vi ein lærar i fast stilling og ein lærar i vikariat.
- Andre kulturskulefag som måtte bli aktuelle
Arbeidsoppgåver
- Undervisning med tilhøyrande førebuing og oppfølging
- Konsertar og utstillingar
- Samarbeid på tvers av fag når det er tenleg.
Kvalifikasjonar
- Du må ha nødvendig kompetanse for arbeidsoppgåvene.
- Høgare pedagogisk og/eller kunstfagleg utdanning er ein fordel.
- God erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert i faget ditt/faga dine.
- Du er ansvarsbevisst og samvitsfull.
- Du blir glad når ungar veks gjennom gode opplevingar og meistring.
- Du har evne til å vurdere og utvikle eigen pedagogisk praksis.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Vi tilbyr
- Ein jobb der du betyr ein positiv forskjell for elevane
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Om du får ei stilling med undervisning i både Nord-Aurdal og Vestre Slidre, kan det vere aktuelt å vurdere kva kommune som skal gjere den endelege tilsetjinga.
Kontaktinformasjon
Gudbrand Silvet Heiene, Avdelingsleiar kultur, +47 41335496Arbeidsstad
Slidrevegen 152966 Slidre
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommuneReferansenr.: 5081341634
Stillingsprosent: 40, 10, 11, 3,85%
Fast, Vikar
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 11.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Gudbrand Silvet Heiene
Avdelingsleiar kultur
+47 41335496
Om bedriften
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.
Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.noSektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a55a2460-4c0f-4d8a-bfdb-b9d70574bcdb
- Sist endret
19. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
17e49c7318f84026a5b5045e51eac1ac
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Vestre Slidre kommune
Sted
Slidre
Ledige stillingar frå og med barnehageåret 2026-2027
Arbeidsgiver
Vestre Slidre kommune
Sted
Slidre
Lærarstillingar ved Vang barne - og ungdomsskule
Arbeidsgiver
Vang Kommune
Sted
Vang i Valdres