Forskningssjukepleiar
Avdeling for eldremedisin, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Forskningssjukepleiar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. januar
No har du sjansen til å kombinere din faglege kompetanse med banebrytande forsking som kan forandre demensomsorga! Vi søkjer ein engasjert forskningssjukepleiar til ei 100 % mellombels dagstilling ved vår eldremedisinske poliklinikk.
Stillinga er primært knytt til dei ulike kliniske studiane. Stillinga inkluderer ei koordinerande rolle i studiane, noko som gir auka fleksibilitet når det gjeld arbeidstid og gjennomføring av arbeidet. Det følgjer med noko administrativt arbeid, som kan utførast frå heimekontor om det er ønskjeleg. Om det er roleg på forskingsfronten, må den tilsette rekne med anna arbeid innan eldremedisin. Det kan vere ved eldremedisinsk poliklinikk, eller på geriatrisk eller alderspsykiatrisk sengepost. Sengepostane er mest aktuelle om sommaren, og kan òg inkludere noko helgearbeid.
Eldremedisinsk Avdeling leiar den nasjonale legemiddelstudien, ANeED-studien, der vi prøver ut ambroksol ved demens med lewylegemer. Vi startar i desse dagar opp ANeED Joint Effort21 for å samla inn digitale data frå ulike sensorar frå deltakarar i legemiddelstudien. Vi deltek vidare i FEAD-studien, der vi testar fasudil ved tidleg Alzheimers sjukdom. I tillegg pågår fleire observasjonsstudiar innan demens med fokus på utvikling av nye biologiske og digitale sjukdoms-markørar, pårørandestress og kvinnehelse. Vi har eiga Eldremedisinsk Forskningsgruppe, les meir om den her: Eldremedisinsk Forskningsgruppe i Helse Fonna
Eldremedisinsk poliklinikk er ei spesialeining der vi tek imot pasienter over 65 år med samansatte problemstillingar både somatiske og psykiske lidingar og utgreiing av kognitiv svikt og demens; Geriatriske pasientar for utgreiing av fallrisiko, svimmelhet, hukommelsesvanskar og alderspsykiatriske pasientar med ulike diagnoser knytt mot alderspsykiatri. Som forskingssjukepleiar hos oss får du ikkje berre jobbe tett med innovative studiar, men òg vere ein del av eit tverrfagleg team som set pasientane først.
Du vil spele ei nøkkelrolle i spennande prosjekt som utforskar nye metodar for diagnostikk og behandling av demenssjukdomar. Hos oss vil du kunne gjere ein skilnad!
Kva går jobben ut på?
- Forskning og fagutvikling i fokus, med tverrfagleg samarbeid
- Koordinere og delta i polikliniske utgreiingar og behandlingar
- Systematisk kartlegging av kognitive funksjonar og somatisk helsetilstand
- Registrering i nasjonalt kvalitetsregister (NorKog)
- Bidra til gode pasientforløp og samarbeid med kommunale helsetenester
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med vidareutdanning innan geriatri, psykisk helsearbeid eller psykisk helse- og rusarbeid
- Ønskeleg med relevant sjukehuserfaring og erfaring frå kliniske studier
- God skriftleg og muntlig formidlingsevne på norsk og engelsk
- Kjennskap til digitale verktøy og autorisasjon for blodprøvetaking er ønskelig.
- Kompetanse og/eller interesse for eldremedisin
Personlege eigenskaper vert vektlagt
Kva ser vi etter hos deg?
- Nysgjerrig, initiativrik og engasjert i arbeidet
- Strukturert, effektiv og nøyaktig, med evne til å prioritere oppgåver.
- Ansvarsbevisst og fleksibel, samtidig som du kan arbeide sjølvstendig
- Bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
Kvifor skal du velje oss?
- Arbeid med kliniske forskingsstudiar i eit aktivt og engasjert fagmiljø
- Kursdagar og grundig opplæring i både forskningsarbeid og poliklinisk arbeid
- Eiga forskningsgruppe i Eldremedisin og høve til å drive eigen forskning
- Samarbeid med andre helseforetak, universitet og høgskular
- Internasjonalt samarbeid
Vi har forståing for at erfaring kjem med tida, og vi ønsker å legge til rette slik at du får utvikle deg både fagleg og personleg.
Kontaktinformasjon
Doreen Halleland, Avdelingsleder, doreen.halleland@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5053196840
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 04.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a5269619-c931-4eb2-bdff-6eac139eedc3
- Sist endret
19. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8f1f28cbafab4beb9706f276b904192a
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Nevrologisk post, Haugesund sjukehus
Sted
Haugesund
Arbeidsgiver
Avdeling for eldremedisin Haugesund sjukehus
Sted
Haugesund
2. års sjukepleiarstudent
Arbeidsgiver
Valen sjukehus
Sted
Haugesund