Hopp til innhold

Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver

Hemato/endo/infeksjon sengepost, Haugesund Sjukehus

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeider
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Har du lyst til å bli ein del av teamet på ei spennande, energisk og varierande avdeling? 

Då kan hemato/endo/infeksjon vere rette staden for deg og vi har for tida eit ledig vikariat i 100% stilling for deg som er helsefagarbeider.
Vi er ei medisinsk sengepost med 16 plassar og tre ulike fagfelt – her får du jobbe breitt og variert innan hematologi, endokrinologi og infeksjonsmedisin. 

Hos oss tek vi imot pasientar med samansette og komplekse helseutfordringar innan indremedisin - særleg blodsjukdomar, diabetes, sår og spesielle infeksjonar som tuberkulose, hjernehinnebtennelse, betennelse på hjerteklaffar og visse tropesjukdommar.

Teamarbeid står i hjartet av alt vi gjer, og ulike yrkesgrupper jobbar tett saman for å levere topp kvalitet i pasientbehandlinga.
Avdelinga vår er ein glimrande plass for både fagleg vekst og personleg utvikling, og du vil bli ein del av eit fellesskap som stolt har vunne pris for godt arbeidsmiljø fleire gonger.

I 2027 flytter vi inn i et helt nytt bygg! Hematologi flytter ned i 1. etasje og blir del av en kreftavdeling, mens Endokrinologi og Infeksjon slår seg sammen med Gastro og Nyre i 4. etasje – et sterkt fagmiljø med spennende utviklingsmuligheter.

👉 Ønskjer du ein variert arbeidskvardag der du får lære nye ting å utfordre deg sjøl? Då må du søke hos oss!


Kva går jobben ut på? 

  • Utredning, behandling og pleie av pasientar.
  • Bruk av medisinsk teknisk utstyr. 
  • Gi god omsorg og oppfølging av pårørande.
  • Opplæring og veiledning av studentar og nytilsette.
  • Arbeid i tverrfaglege grupper.
  • Samarbeid med kommunar.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Autorisert helsefagarbeidar.
  • Det er ein fordel om du har erfaring og/eller vidareutdanning innan kreftomsorg, infeksjon, diabetes, sårbehandling eller psykisk helsevern.
  • Må ha gode IKT-kunnskapar.
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • kan arbeida godt både sjølvstendig og i team
  • tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver, ser etter løysningar
  • har motivasjon og interesse for fagfelta
  • bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • har god vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert

Personlege eigenskaper vert vektlagd.

Kvifor velge oss?

  • Som nytilsett får du et opplæringsprogram på minimun 2 uker slik at du skal føle deg trygg og ivaretatt.
  • Årsturnus med rom for involvering og god forutsigbarhet.
  • Fire kursdager i turnus og jevnlige simuleringstreninger kvart år.
  • Eit godt arbeidsmiljø med fokus på sosialt samspel.
  • Forbetringsarbeid og rom for å ta eigarskap til ansvarsområder.
  • Dersom ønske om fortrinnsrett må dette oppførast i søknaden

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no.  Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden.

Kontaktinformasjon

Elisabeth Eilerås Bertelsen, Funksjonsleiar, +47 99360935

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5055348744
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.01.2026

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8811af2c-4dca-4f4d-bec3-9cd47483d05d

Sist endret

17. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

bf6e0803713a49e4a9320c2648aae83d

Lignende annonser