Bustadkonsulent - 100% fast
Koordinerings- og tildelingskontoret, Vinje kommune
Vinjevegen 192, 3890 Vinje
Om jobben
- Stillingstittel
- Bustadkonsulent - 100% fast
- Oppstart
- 4. mai 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 13. april
Har du lyst til å påverke kvardagen til innbyggjarar som treng støtte på vegen mot eit betre og meir sjølvstendig liv? Er du opptatt av gode buforhold og ynskjer å bidra til at menneske får ein stabil og trygg bustadsituasjon?
Vinje kommune søkjer ein engasjert og samfunnsorientert bustadkonsulent til ein spennande og variert arbeidskvardag ved koordinering- og tildelingskontoret. Her vil du jobbe breitt med busetting av flyktningar, burettleiing, praktisk oppfylging og forvaltning av dei bustadsosiale ordningane i kommunen.
Som bustadkonsulent bidreg du direkte til å skape gode bu- og levemiljø, og du får ei nøkkelrolle som betyr mykje for både enkeltmenneske og lokalsamfunnet.
I denne stillinga får du kombinere fagleg ansvar med praktiske oppgåver ute hos innbyggjarar, og du samarbeider tett med kollegaer, eksterne aktørar og Husbanken.
Du blir ein viktig del av eit fagområde kommunen satsar på – med rom for utvikling, påverknad og fagleg vekst i ei teneste som er i stadig utvikling.
Arbeidsoppgåver
- Skaffe bustader og busette flyktningar i samarbeid med relevante fagmiljø
- Gi burettleiing og praktisk oppfylging av kommunale leigetakarar og flyktningar i heimen, i samarbeid med miljøvaktmeistar
- Bygge gode samarbeidsrelasjonar med interne tenester, NAV, frivillige organisasjonar, private utleigarar og andre samarbeidspartar
- Sakshandsaming og forvaltning av Husbanken sine økonomiske ordningar (til dømes startlån, tilskot og tilpassingsordningar)
- Behandle søknader om kommunal bustad etter gjeldande lovverk og interne rutinar
- Leie og koordinere arbeid i bustadsosial gruppe og bustadtilpassingsgruppe
- Bidra i utvikling av bustadsosiale planar, rutinar og tiltak
- Rapportering, dokumentasjon og kvalitetssikring etter gjeldande krav
- Arbeidsoppgåvene kan variere gjennom året avhengig av behov og prioriteringar i tenesta
Kvalifikasjonar
- Helse- eller sosialfagleg høgskuleutdanning på bachelornivå- andre med relevant høgskuleutdanning kan også vurderast
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- God digital kompetasne og evne til å lære nye system
- Førarkort kl B
- Må disponere eigen bil
- Erfaring få bustadsosialt arbeid
- Økonomiforståing
- Erfaring frå sakshandsaming
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- møter menneske med respekt, tryggleik og profesjonell tilnærming
- er tydeleg og god i kommunikasjon – både med brukarar, kollegaer og samarbeidspartar
- er robust og har evne til å stå i krevjande situasjonar på ein roleg og løysingsorientert måte
- arbeider strukturert, sjølvstendig og tek ansvar for framdrift og kvalitet
- bidreg positivt inn i arbeidsmiljøet og trivst i ein kvardag med varierte oppgåver
Vi tilbyr
- Gode moglegheiter for tett samarbeid med fleire fagmiljø og eksterne aktørar – noko som gir både fagleg utvikling og høve til å påverke løysingar på tvers av sektorar".
- Jamlege oppdateringar og samlingar i samarbeid med Husbanken
- Ein inkluderande , trygg og utviklingsorientert arbeidsplass
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og moglegheit for å vinne flotte premiar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Mona Haugen, Avdelingsleiar, +47 47629631, mona.haugen@vinje.kommune.noArbeidsstad
Vinjevegen 1923890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 5100205089
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.05.2026
Søknadsfrist: 13.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Koordinering og tildeling er ei stabsavdeling i verksemda helse og meistring. Her arbeider mellom anna sakshandsamarar, demenskoordinator, kreftkoordinator, bustadkonsulent, heimevaktmeister og miljøvaktmeister.
Me er ei liten avdeling, men har eit breitt nedslagsfelt. Me er inne i ei spanande tid, der det er stort fokus på at innbyggjarane skal bu lengst mogeleg heime, og at tenestene i størst mogleg grad sklal ytast i heimen.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a522ded9-24bc-47eb-8a86-95144127a0bd
- Sist endret
31. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b019cccd22f0474792e02d15796b8e8a