Hopp til innhold

Helgestilling - Omsorg pluss

Arbeidsgiver

Vaksdal kommune

Sted

Bråtet 2, 5722 Dalekvam

Om jobben

Stillingstittel
Helgestilling - Omsorg pluss
Type ansettelse
Fast, deltid 14%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 10. mai

Om stillinga

Heimetenesta har ledig fast 14 % helgestilling ved Omsorg pluss, og ønskjer å komme i kontakt med deg som ser verdien i å jobbe med menneske som treng ei hjelpande hand. Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø med mange dyktige og engasjerte kollegaer.

Omsorg pluss tilbyr tilrettelagde bustader og tenester for personar som treng tryggleik, oppfølging og sosial støtte i kvardagen. Arbeidet er variert og meiningsfullt, med fokus på meistring, trivsel og gode relasjonar.

Stillinga passar utmerka ved sidan av studiar, og er ein flott moglegheit til å få verdifull arbeidserfaring innan helse- og omsorgstenester. Det er ikkje krav om formell helsefagleg kompetanse, men vi legg stor vekt på personlege eigenskapar som omsorg, ansvarskjensle og samarbeidsevne.

Høyrest dette spanande ut, ønsker vi gjerne å snakke meir med deg. Ta kontakt om du er nysgjerrig på arbeidsoppgåver eller kvardagen ved Omsorg pluss, og skriv gjerne i søknaden kvifor du ønsker å arbeide hos oss.


Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere

  • Stell og pleie med fokus på kvardagsmeistring og personsentrert omsorg
  • Dokumentasjon i fagsystem
  • Medisinsk oppfølging ut frå kompetanse 
  • Kommunikasjon og samarbeid med pårørande 
  • Mobilisering og aktivisering av brukarar 
  • Andre relevante oppgåver 

Krav til kompetanse

  • Du må vera fylt 18 år (unntaket er søkarar som går 2. året på Helsefag VGS)
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk 
  • Krav om godkjend politiattest 
  • Ønske om formell helsefagleg kompetanse eller erfaring, men ikkje eit krav 

Personlege eigenskapar

  • Du likar å arbeide sjølvstendig og å ta ansvar på vakter 
  • Du har gode kommunikasjonsferdigheiter og kan samarbeide i eit tverrfagleg perspektiv
  • Du evner å skape gode relasjoner
  • Du er påliteleg og punktleg 
  • Du er løysingsorientert og har evne til å prioritere

Personlege eigenskapar vert vektlagt


Vaksdal Kommune tilbyr

  • Vi har godt arbeidsmiljø, dyktige folk i tenesta og gode ordningar for utdanning, vidareutdanning og kompetanseheving 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Individuell oppfølging 
  • Løn i tråd med tariff og lokale kompetansetillegg.

Kontaktpersoner for stillingen

Aina Ulveseth

Assisterende avdelingsleiar

+4748847625

aina.meland.ulveseth@vaksdal.kommune.no

Julie Ovidia Trøan

Avdelingsleiar helsetenesta

+4741424258

julie.ovidia.troan@vaksdal.kommune.no

Om bedriften

Vaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil.

Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og er langt framme på velferdsteknologi. Hos oss får du store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag, og ikkje minst kvaliteten på tenestene vi gir.

Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne.

Før tilsetting må gyldig politiattest jf. § 5-4 i Helse- og omsorgstjenesteloven fremlegges. Prøvetid er 6 mnd. og for øvrig skjer ansettelsen på de vilkår og med de plikter som følger av lov, tariffavtaler og reglementer.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a505e011-a72a-4f28-95c5-f432970f00d6

Sist endret

24. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10292970

Lignende annonser

Laster lignende annonser