Administrasjonssekretær
Klinikk for psykisk helsevern og rus, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
Stillingstittel
Administrasjonssekretær
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. august
Klinikk for psykisk helsevern og rus gir spesialisthelsetenester til heile befolkninga i vårt område. Vi har to sjukehusavdelingar (Valen og Haugesund), tre distriktspsykiatriske sentre (Folgefonn, Stord og Haugaland), ei eiga avdeling for rus og avhengnad, samt eit breitt tilbod innan barne- og ungdomspsykiatri med poliklinikkar i Haugesund og Stord og sengepost i Haugesund.
Med om lag 1050 medarbeidarar er vi den største klinikken i Helse Fonna – og no ser vi etter ein ny administrasjonssekretær som vil vere med og støtte leiinga i det viktige arbeidet vårt.
Kva går jobben ut på?Som administrasjonssekretær hos oss får du ei sentral rolle i administrasjonen av klinikken. Du rapporterer direkte til klinikkdirektør og samarbeider tett med både staben og leiarar i avdelingane.
Du vil bidra til å koordinere aktivitetar på tvers av klinikken, støtte opp under dagleg drift og sikre god kommunikasjon og samhandling med andre klinikkar og einingar i Helse Fonna. På fleire område vil du ha systemansvar for administrative verktøy og bidra til at dei fungerer godt for både tilsette og leiarar.I tillegg blir du ein viktig medspelar i arbeidet med organisasjonsutvikling. Du vil bidra til kontinuerleg forbetring av arbeidsprosessar og vere med på å innføre nye initiativ som styrkjer kvalitet og effektivitet i tenestene våre.
👉 Vil du bli ein del av laget vårt? Søk innan fristen – vi gleder oss til å høyre frå deg.
Kva går jobben ut på?
- Koordinere, fasilitere og førebu saker til møte i regi av klinikkdirektør
- Sikre saksbehandling av all post kor klinikkdirektør er saksansvarleg
- Arkivansvarleg for heile klinikken
- Bistå klinikkdirektør i høve faktagrunnlag knytt til ulike driftsoppgåver/prosjekt
- Koordinere intern kommunikasjons- og informasjonsflyt
- Ansvarleg for innkjøp i regi av klinikkdirektør, samt oppfølging av avdelingane
- Delta og fasilitere ved implementering av ulike IKT-system
- Arbeidstidplanlegging for stab
- Bistå klinikkdirektør i rekrutteringsprosessar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Relevant utdanning frå høgskule/universitet
- Lang relevant erfaring med administrasjon og koordinering kan likestillast med utdanning frå høgskule/universitet
- Meget god IKT-kompetanse
- Meget god norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
Kva ser vi etter hos deg?
- Systematisk.
- Sjølvstendig, ansvarsbevisst og god rolleforståing.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Serviceinnstilt og tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver.
- God gjennomføringsevne og stor arbeidskapasitet.
Personleg egnethet blir vektlagd.
Kvifor skal du velje oss?
- Eit godt fagmiljø med fokus på fag og kvalitetsforbetring
- Lønn etter avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kenneth Eikeset, Direktør, +47 99513977Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4986182085
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Kenneth Eikeset
Direktør
+47 99513977
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a4c75045-d057-4c02-a34d-9ec03295b5ca
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c2a2f32f59004330830fcf2a636745a5