Miljøterapeut/miljøarbeidar - 30 % fast på helg
Svingen/Reini, Vinje kommune
Åmotvegen 2, 3890 Vinje
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøterapeut/miljøarbeider -helgestilling fast
- Type ansettelse
- Fast, deltid 30%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. mars
Svingen og Reine bufellesskap er moderne bufellesskap, med til saman 15 leiligheiter. Her møter du bebuarar i ulike aldrar med ulike funksjonsnedsetjingar. Felles for dei alle er at dei treng trygge, engasjerte og gode folk rundt seg.
Som helgearbeidar bidreg du til gode og meiningsfulle dagar – gjennom praktisk hjelp, miljøarbeid, omsorg og aktivitetar som skapar trivsel og meistring. Du jobbar aldri åleine, men er del av eit fagleg og inkluderande team som samarbeider tett både internt og med fagmiljø i kommunen og spesialisthelsetenesta.
Me søkjer deg som vil jobbe annan kvar eller tredje kvar helg, og som gjerne ynskjer ekstra vakter som tilkallingsvikar.
Arbeidsoppgåver
- Praktisk bistand i daglege gjeremål: personleg hygiene, påkledning, måltid, aktivitetar og enkle praktiske oppgåver
- Målretta miljøarbeid etter tiltaksplanar og dagsplanar
- Legge til rette for meiningsfulle aktivitetar (turar, handling, hobbyar, sosial deltaking)
- Bruke digitale verktøy og velferdsteknologi
- Skape tryggleik, struktur og gode relasjonar
- Observere allmenntilstand og melde vidare ved endringar
- Dokumentere i journalsystem
- Gi medisinar etter delegert kompetanse
- Samarbeide med kollegaer, pårørande og andre faginstansar
- Tilleggsansvar vert gjeve til høgskuleutdanna (til dømes veiledning av kollegaer, bidra inn i det faglege arbeidet med tiltaksplanar, bidra i utredningsarbeid)
Kvalifikasjonar
- Vernepleiar, sjukepleiar eller anna relevant bachelorutdanning
- Helsefargarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar
- Studentar og elevar innan helsefag er velkomne til å søkje
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne- minimum nivå B2
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- God relasjonsbyggar – du møter bebuarar og pårørande med respekt, tryggleik og god kommunikasjon
- Påliteleg og strukturert – du held avtalar, fylgjer rutinar og sørger for at oppgåver blir gjennomført
- Fleksibel – du klarar å tilpasse deg endringar og behov som oppstår i løpet av ei vakt
- Sjølvstendig og samarbeidsorientert – du tek ansvar for eigne oppgåver, men bidreg aktivt i teamet når det trengst
- Positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet – du deltek aktivt for å skape eit trygt, inkluderande og fagleg miljø
- Løysingsorientert – du handterer utfordringar på ein roleg og konstruktiv måte, og søker praktiske løysingar i kvardagen
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Me tilbyr
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med kollegaer som støttar, lærer av kvarandre og har det kjekt på jobb
- Helgestilling med moglegheit for ekstra vakter som tilkallingsvikar – perfekt for deg som ynskjer fleksibilitet eller meir arbeid
- God opplæring og oppfølging
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Lønn etter lokal stige og kvalifikasjoner
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Hjørdis Ringhus Saupstad, Avdelingsleiar Svingen og Reini, +47 97028218, hjordis.ringhus.saupstad@vinje.kommune.noArbeidsstad
Åmotvegen 23890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 5086858123
Stillingsprosent: 30%
Fast
Søknadsfrist: 22.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Hjørdis Ringhus Saupstad
Avdelingsleiar Svingen og Reini
+47 97028218
Om bedriften
Me har ansvar for tilrettelagte tenester til menneske med ulike funksjonshemmingar i alle aldrar, med ulike bistandsbehov. Svingen og Reini er moderne bufellesskap med 11 bustadar på Svingen, og 4 bustadar på Reini. Avdelinga har 37 årsverk med ulik fagleg bakgrunn og kompetanse.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a4afd92c-defa-46ee-b9ee-4b3d7b755d76
- Sist endret
10. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
58020eba44514a619868b75f2f00a3e8
Lignende annonser
Miljøarbeider i skolen
Arbeidsgiver
Kviteseid Skule
Sted
Telemark, Kviteseid
Arbeidsgiver
Svingen/Reini, Vinje kommune
Sted
Vinje
Helsefagarbeidar - 100% fast
Arbeidsgiver
Svingen/Reini, Vinje kommune
Sted
Vinje