Helsesekretær i 100% og 70% fast stilling - Frekhaug legesenter
Alver kommune
Havnevegen 41, 5918 Frekhaug, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsesekretær - 100% og 70% - Frekhaug legesenter Fast
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. august
Om stillinga
Frekhaug legesenter søkjer no etter to engasjerte helsesekretærer i 70 % fast stilling frå 01.09.2025, og 100% fast stilling frå 01.10.2025, eller etter avtale. Du vil arbeide heile dagar pr. veke i ein turnus som er planlagt framover i tid av driftskoordinator.
Legekontoret er lokalisert på Frekhaug, og er veldrive og godt innreia. Vi har parkering i gåavstand frå bygget. Frekhaug legesenter er eit fastlegekontor med plass til 6 fastlegar og ein LIS lege. Legane er kommunalt tilsette, med fastlegelister.
På Frekhaug legesenter er det tilsett fagleg dyktig hjelpepersonell i form av både helsesekretærar, bioingeniør og sjukepleiar. Helsesekretæren arbeidar innan heile spekteret av oppgåver på legekontoret, i tett samarbeid og samhandling med legane og det andre helsepersonellet ved kontoret. Arbeidsdagane er travle, og god samhandling og kommunikasjon mellom legar og helsepersonell er sentralt. Den eine helsesekretæren fungerer som driftskoordinator på kontoret og har ansvar for daglege driftsoppgåver, medan ein av legane har funksjon som fagkoordinator med oppgåve å sørge for god fagleg praksis.
Arbeidsoppgåver
- Laboratoriearbeid
- Resepsjon
- Skiftestove med mellom anna ekg, 24 timars blodtrykk, spirometri, og andre prosedyrar
- Svare telefonen og handtere elektroniske meldingar
- Assistere legen til dømes ved småkirurgi og smitterom når det er naudsynt
- Økonomirutiner og driftsoppgåver etter avtale med driftskoordinator
- Vi ønskjer også at du kan ta initiativ til, og bidra i kvalitetsarbeid, forbetrings og utviklingsarbeid
Kvalifikasjonskrav
- Helsesekretær med autorisasjon
- Grunnleggjande god digital kompetanse
- Gode norskkunnskaper, både skriftleg og munnleg
- Dersom du har erfaring frå arbeid på legekontor er dette eit føremon
Kven er du?
I stillinga som helsesekretær på legekontor må du utføre arbeidsoppgåver i tråd med kunnskapsbasert praksis. Du samarbeider godt med andre, og du trivs med å jobbe både sjølvstendig og tett saman med legar og anna helsepersonell. I tillegg tar du initiativ når det trengst, og bidreg aktivt i forbetringsarbeid for å utvikle og styrke rutinane rundt deg.
Du er systematisk, målretta og fleksibel - og du møter arbeidskvardagen med godt humør og eit positivt engasjement. Ditt bidrag til eit godt arbeidsmiljø er viktig for oss, og personlege eigenskapar som desse vil bli vektlagde i tilsettinga.
Me tilbyr
- Løn ihht hovedtariffavtale
- God pensjonsordning
- Varierte arbeidsoppgåver
- Mogelegheit for å vere med å vidareutvikle legekontoret, med fokus på kompetanseheving og kvalitetsforbedring
Politiattest
I tråd med helsepersonellova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a43fb643-74fa-41d1-be32-e82717279b99
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10256743