Vi søker engasjert og aktiv pedagogisk leiar
Læringsverkstedet Naustdal Idrettsbarnehage AS
6817 Naustdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Pedagogisk Leder
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 2
Søk på jobben
Søk senest fredag 26. juni
Bli med å få verdas viktigaste verdiar til å vekse
Vil du vere med og skape bevegelsesglede og matglede? Trivst du i team fylt med engasjement og leikne kvardagar? Da er det deg vi ser etter!
Naustdal Idrettsbarnehage blir drifta etter Læringsverkstedet sitt idrettskonsept. Vi nytter pedagogisk idrett som metode for å nå måla våre, og vi ønskjer at alle barn skal oppleve bevegelsesglede og matglede i kvardagen. Vi nyttar kroppen aktivt i kvardagen – i leik, læring og utvikling. Vi meiner at aktive barn er glade barn, og at læring skjer best når heile kroppen er med.
Barnehagen består av seks avdelingar med ca. 100 barn, og ligg sentralt i Naustdal. Med fjord, fjell og natur tett på, er moglegheitene gode for turar og friluft.
Du blir ein del av eit inkluderande og fagleg sterkt miljø, med pedagogar, fagarbeidarar, assistentar og eigen kokk.
Vi har no ledig 2 svangerskapsvikariat som pedagogisk leiar hos oss (med moglegheit for forlenging).
Kvifor jobbe hos oss?
Hos oss jobber du med engasjerte og dyktige kollegaer i eit stort fagmiljø. Vi har eit attraktivt pedagogisk konsept med tilgang til mye pedagogisk materiell i vår ressursbank. Du held deg fagleg oppdatert ved å delta på kurs og fagopplæring som blir tilbydd, mellom anna gjennom Læringsverkstedet Akademiet. Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar, samt tariffavtale gjennom PBL. Læringsverkstedet har eit løfte til alle tilsette: "Hos oss har du alle moglegheiter til å utvikle deg både fagleg og menneskeleg, og gjere verdas viktigaste jobb på best mogleg måte."
Er du den vi leiter etter?
Som pedagogisk leiar har du i oppgåve å ta i vare det administrative og pedagogiske ansvaret for di avdeling. Du er medansvarleg for kvalitet, utvikling og drift på ein slik måte at barna kjenner seg verdifulle, foreldra opplever tryggleik og tilsette får moglegheit til å gjere ein god jobb.
Korleis ein arbeidskvardag ser ut
- Være med på å bygge ein sterk kultur i vår barnehage der verdiplattformen ligg i botnen. Våre verdiar skal prege kvardagen i barnehagen, og være synleg både i ord og handling
- Fagleg/pedagogisk og administrativ leiing og drift av di avdeling og delta aktivt i barnehagen sitt leiarteam
- Ansvar for å skape ein god og trygg kvardag for alle barna og legge til rette for godt samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar
- Aktiv deltaking i leik og kvardagsaktivitetar. Ta i vare barna sine behov gjennom leik og omsorg
- Være med på å utvikle det pedagogiske tilbodet i barnehagen
- Være aktiv i evalueringsarbeid og vidare inn i barnehagen sitt kontinuerlege utviklingsarbeid
- Ha kjennskap til alle sider ved arbeidet på avdelinga, bidra i planlegging av den daglege verksemda og utarbeide og gjennomføre årsplan i samarbeid med medarbeidarane og styrar
Kven vi trur kan passe i rolla
Du må vere ein relasjonsorientert person som ser kvart enkelt barn. Du lyttar og er lydhøyr på kva barna ønskjer å formidle. Du har faglege ambisjonar og eit hjarte for det du driv med. Vidare har du evne til å skape engasjement og lyst til å delta i barn sin leik og utvikling.Du står fram som løysningsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig. Du har evne til å oversikt, organisere og tilpasse arbeidet etter barna sine behov. For å lykkast i rolla må du kunne kommunisere med menneskjer med ulik bakgrunn og i ulike livssituasjonar. Du må kunne jobbe sjølvstendig og være ansvarsbevisst. Du må identifisere deg med Læringsverkstedet sine verdiar, og behandle andre med respekt og likeverd.
Kvalifikasjoner
- Godkjent høgskuleutdanning som barnehagelærar eller førskulelærar
- Interesse og kompetanse for vårt konsept og arbeid med barn
- Gode kommunikasjons- og formidlingsevner
- Erfaring frå arbeid i barnehage er ønskeleg
- Du må være ein aktiv vaksen som ser kvart enkelt barn, som lyttar og bryr seg om kva barna ønskjer å formidle
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og muntleg
- Politiattest må leggast føre før tiltreding, men skal ikkje leggast ved søknad
- Søkaren må vere personleg skikka for stillinga
Om Læringsverkstedet
I Læringsverkstedet jobbar vi for å få barna til å vokse – i kunnskap og meistring, i tryggleik og empati. Vi ser etter medarbeidarar som ønskjer å bidra og gje av seg sjølv, som evner å lytte til andre, dele erfaringar og styrke felles ambisjonar. Viljen til hele tiden å bli betre, både fagleg og menneskeleg, er ein føresetnad for alle som jobbar i Læringsverkstedet.Vi er ein av Norges største private barnehageeigarar med 250 barnehagar og 7000 tilsette, og vi er eigd og drifta av pedagogar. Hos oss vil du oppleve eit stort fagleg nettverk og vårt løfte til alle tilsette er: "Hos oss har du alle moglegheiter til å utvikle deg både fagleg og menneskeleg, og gjere verdas viktigaste jobb på best mogleg måte."
Vi får verdens viktigste verdier til å vokse!
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a391deb0-9d3a-4e2c-ac95-d41b6d56e31a
- Sist endret
15. juni 2026
- Hentet fra
sap
- Referanse
d3835