Vil du bli økonomisjef ved Vestlandet sitt nynorske turnéteater
TEATER VESTLAND AS
Storehagen 10, 6800 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Økonomisjef 100% stilling
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 19. oktober
Teater Vestland er eit nynorsk turnéteater som skaper profesjonell scenekunst på vestlandske dialektar. Frå basen vår i Nynorskhuset i Førde produserer og formidlar vi teater på eigne scener, på turné i heile Vestland og i samarbeid med andre. I tillegg er vi ein aktiv kulturarena med gjestespel, teaterkafear, konsertar og eit variert program av andre arrangement og aktivitetar.
Om stillingaTeater Vestland har ledig 100% fast stilling som økonomisjef. Vi søkjer deg som har erfaring med rekneskaps- og økonomiarbeid, er strukturert og analytisk og ønskjer å vere tett på den daglege drifta. Vi trur du vil trivast i stillinga om du likar å arbeide sjølvstendig, ta ansvar og finne gode løysingar i samarbeid med andre.
Som økonomisjef vil du få ei sentral rolle i arbeidet med å sikre trygg og god økonomistyring i ei verksemd med høg aktivitet og korte avgjerdsprosessar. Du kjem inn i eit spennande, dynamisk og kreativt miljø med tilsette som arbeider med teater, kunst og kultur -- ved basen vår i Nynorskhuset og på turné i heile Vestland.
Om rollaTeater Vestland er eit lite teater med høg aktivitet, og du vil vere ein viktig bidragsytar og sparringspartnar for leiinga i økonomiske spørsmål. Rolla kombinerer operativt ansvar for rekneskap og løn med arbeid knytt til budsjett, prognosar, prosjektoppfølging og dagleg oppfølging av økonomirutinar i dei ulike avdelingane.
Du skal følgje opp budsjettet og den økonomiske utviklinga. På bakgrunn av dette skal du utarbeide analysar og styringsinformasjon for direktøren og leiargruppa. Slik bidreg du til ei trygg og føreseieleg økonomistyring. Du skal også gi avdelingsleiarane økonomifagleg støtte og bidra til at dei får god oversikt over økonomien på sine område.
Du må vere godt kjend med relevante lover og reglar og med system og verktøy for rekneskap, løn, økonomistyring og prosjektøkonomi. Du vil også bidra til utvikling og forbetring av økonomiprosessar og rutinar.
Stillinga inngår i leiargruppa, rapporterer til direktør og har ikkje personalansvar.
Dine viktigaste oppgåver• ha operativt ansvar for rekneskap frå A til Å og lønskøyring
• arbeide med budsjett, prognosar, økonomiske analysar og rapportering
• følgje opp økonomien i produksjonar, prosjekt og den ordinære drifta
• gi leiinga og avdelingsleiarane relevant styringsinformasjon og økonomifagleg støtte
• kvalitetssikre rekneskapen og følgje opp fakturaflyt, økonomirutinar og internkontroll
• førebu årsoppgjer og ha dialog med revisor
• følgje opp og vidareutvikle økonomisystem og digitale arbeidsprosessar
• bidra i økonomisk oppfølging og rapportering av offentlege og private tilskot
Oppgåvene varierer gjennom året. Nokre er del av den daglege drifta, medan andre er knytte til bestemte periodar, prosjekt og rapporteringsfristar.
Vi ser etter deg som• har relevant økonomisk utdanning på høgskule- eller universitetsnivå
• har relevant erfaring med rekneskaps- og økonomiarbeid
• har god forståing for økonomistyring, budsjett og rapportering
• har god systemforståing og interesse for digitale verktøy
• arbeider strukturert, systematisk og sjølvstendig
• har gode analytiske evner og god gjennomføringsevne
• samarbeider godt og kommuniserer økonomisk informasjon på ein forståeleg måte
• er løysingsorientert og ønskjer å bidra til utvikling
Erfaring med løn, rekneskap frå A til Å, prosjektbasert verksemd, controllerarbeid eller offentleg finansiert verksemd er ein fordel, men ikkje eit krav.
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Teateret har nynorsk som administrasjonsspråk.
Kvifor velje Teater VestlandHos oss får du arbeide tett på den daglege drifta og dei skapande prosessane og vere ein del av eit sterkt og mangfaldig fagmiljø. Du får ei sentral rolle i leiargruppa og handlingsrom til å vidareutvikle økonomifunksjonen, arbeidsmåtane og rutinane våre. Du blir ein del av eit profesjonelt teater med eit tydeleg språkleg og regionalt samfunnsoppdrag.
Vi tilbyr løn etter avtale og i samsvar med gjeldande tariffavtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar.
**Arbeidsstad:**Førde
**Stilling:**Fast 100 prosent
**Tiltreding:**Etter avtale
Søknadsfrist: 19. oktoberSend søknad med CV til post@teatervestland.no.
Teater Vestland ønskjer mangfald og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller kulturell bakgrunn.
Om Teater VestlandTeater Vestland er det einaste turnerande nynorskteateret i landet. Vi produserer scenekunst av høg kvalitet. Sidan 2023 har vi hatt heimebase i Nynorskhuset midt i Førde sentrum, saman med NRK Vestland og lokalavisa Firda. Vi speler både heime og på turné i små og store lokalsamfunn i Vestland.
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
79669507-fa99-4e7b-b613-171d18689c83
- Sist endret
1. oktober 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
477505958