I Sygnir jobbar du med det som betyr noko, kvar dag!
Sygnir As Avd Sogndal
Dalavegen 25, 6856 Sogndal
Om jobben
Våre energimontørar jobbar for å sikre trygg og effektiv drift av samfunnskritisk infrastruktur. På montørbasen blir du del av eit fagmiljø med kort veg til avgjerd og høg grad av involvering. Du får eigarskap til jobben du gjer, innspel som blir tekne på alvor og eit lag som løftar kvarandre.
- Oppstart
- 1. desember 2026
- Stillingstittel
- Energimontør
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Hva vi ser etter
Vil du bruke kompetansen din på ein jobb som verkeleg betyr noko? Då vil me gjerne snakka med deg!
Arbeidsoppgaver
Kvifor Sygnir?Hos oss får du ein kvardag som kombinerer moderne teknologi, praktisk arbeid i felt og variert terreng som gir deg faglege utfordringar. Me jobbar breitt -- med høgspent, lågspent, kabelanlegg, nettstasjonar og kundetenester -- og treng folk som vil utvikla seg. Du blir del av eit sterkt fagmiljø som leverer trygg og stabil straum til regionen, og du bidreg direkte i det grøne skiftet.
Dette vil du jobbe medSom energimontør hos oss jobbar du med bygging, montasje og dokumentasjon av høg- og lågspent anlegg, kabelanlegg, nett- og transformatorstasjonar og linjenett. Du deltek i drift, vedlikehald, inspeksjon og befaring av anlegg, og kan inngå i beredskaps- og vaktordning. Her får du faglege utfordringar som utviklar deg.
Vi tilbyr
Hos oss får du ein jobb med tydeleg samfunnsverdi -- du leverer kritisk infrastruktur og bidreg til eit meir berekraftig Sogn. Me gir deg utviklingsmoglegheiter i eit sterkt fagmiljø, med varierte og utfordrande oppgåver. Me tilbyr konkurransedyktig løn, fleksibel arbeidstid, gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og du kan delta i aktivitetar saman med kollegaer i fritida i regi av bedriftsforeininga Kraftlaget.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sygnir er ein del av Sognekraft-konsernet, som sørgjer for stabil straum til over 14 000 kundar i Sogn. Straumnettet vårt går gjennom noko av det mest spektakulære -- og bratte -- terrenget i landet, og me er leiande på trygg jobbing i slike forhold.
Hos oss får du ein kvardag som kombinerer moderne teknologi, praktisk arbeid i felt og variert terreng som gir deg faglege utfordringar. Me jobbar breitt -- med høgspent, lågspent, kabelanlegg, nettstasjonar og kundetenester -- og treng folk som vil utvikla seg. Du blir del av eit sterkt fagmiljø som leverer trygg og stabil straum til regionen, og du bidreg direkte i det grøne skiftet.
Sektor
Privat
Nettsted
Facebook
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a2b71685-0812-42e3-b33c-7753f49a9f7e
- Sist endret
4. november 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
a2b71685-0812-42e3-b33c-7753f49a9f7e