Hopp til innhold

Formann bygg

Arbeidsgiver

Sogndal kommune Byggdrift

Sted

Riverdalen 5, 6856 Sogndal

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk
Mulighet for hjemmekontorAI
Ingen mulighet for hjemmekontor
AI

Bruk av kunstig intelligens

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. november

Vil du vere med og sikre gode bygg og gode tenester for innbyggjarane i Sogndal kommune?

Sogndal kommune har ledig ei 100 % fast stilling som formann bygg ved Teknisk drift, med arbeidsstad i Sogndal.

Som formann bygg får du ei sentral rolle i drift og vedlikehald av kommunen sine bygg. Du vil planleggje, prioritere og følgje opp vedlikehaldsarbeid, leie og koordinere driftsoperatørane i Sogndal og vere eit viktig kontaktpunkt for brukarane av bygga.

Du samarbeider tett med avdelingsleiar bygg og dei andre formennene i kommunen. Arbeidsoppgåvene omfattar både praktisk byggdrift, mindre vedlikehaldsprosjekt og administrative oppgåver. Stillinga krev at du kan arbeide strukturert og sjølvstendig, samtidig som du skaper gode samarbeidsrelasjonar.

Avdelinga drift og vedlikehald har tre utestasjonar med formenn på kvar stad og om lag 16 årsverk med driftsoperatørar. Kommunen har ein variert bygningsmasse med mellom anna skular, barnehagar, helsebygg, administrasjonsbygg og utleigebustader.

Du må rekne med å arbeide på ulike stader i kommunen ved behov.

Arbeidsoppgåver
  • Planleggje, prioritere og fordele vedlikehaldsoppgåver i samarbeid med avdelingsleiar bygg
  • Følgje opp drift og vedlikehald av kommunale bygg og tilhøyrande uteområde
  • Planleggje og gjennomføre arbeid knytt til tekniske anlegg, løpande vedlikehald og mindre vedlikehaldsprosjekt
  • Styre og følgje opp mindre byggjeprosjekt, frå planlegging til gjennomføring
  • Leie og koordinere driftsoperatørane for bygg i Sogndal
  • Vere første kontaktpunkt for brukarane av bygningsmassen og leggje til rette for godt samarbeid og god dialog
  • Følgje opp timelister for driftsoperatørane og kontere fakturaer
  • Bidra til implementering og oppfølging av FDV og internkontrollsystem
  • Rettleie og lære opp kollegaer i relevante system og digitale verktøy
  • Utføre andre administrative oppgåver innan ansvarsområdet

Kven ser me etter?
Me ser etter ein strukturert og løysingsorientert medarbeidar som trivst med å planleggje og følgje opp oppgåver, samarbeide med andre og finne gode praktiske løysingar. Du må kunne veksle mellom praktisk byggfagleg arbeid, koordinering og administrative oppgåver. 

Drift og vedlikehald av kommunale bygg blir i aukande grad styrt gjennom digitale fagsystem og elektroniske hjelpemiddel. Som formann vil du ha ei viktig rolle i å ta i bruk, utvikle og følgje opp desse verktøya i det daglege arbeidet. Dette omfattar mellom anna bruk av FDV system, internkontrollsystem og andre digitale løysingar som er nødvendige for å oppfylle krav til dokumentasjon, planlegging og forvaltning. 

Me søkjer difor ein person som ser verdien av digitale arbeidsprosessar, og som kan motivere og rettleie medarbeidarane til å nytte systema på ein god og effektiv måte. Evna til å skape forståing for og eigarskap til nye arbeidsmåtar vil vere viktig for å lukkast i stillinga. 

Kvalifikasjonar
  • Fagbrev som tømrar er ønskjeleg. Fagbrev eller fagskule innan andre relevante tekniske fag kan også vere aktuelt
  • Relevant erfaring frå drift og vedlikehald av bygg. God teknisk kompetanse og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Gode grunnleggjande digitale ferdigheiter og evne til å bruke PC, mobil og nettbrett i arbeidskvardagen
  • Kompetanse i vanlege kontorverktøy, til dømes Word og Excel
  • Førarkort klasse B

 Det er ein fordel om du har

  • Erfaring med leiing og koordinering av medarbeidarar
  • Erfaring frå ei rolle som formann, bas eller tilsvarande
  • Erfaring med planlegging og oppfølging av vedlikehaldsarbeid eller mindre prosjekt
  • Erfaring med FDV-system, internkontroll eller andre digitale system

 Personlege eigenskapar

  • Du arbeider strukturert og har god gjennomføringsevne
  • Du kan arbeide sjølvstendig innanfor gitte rammer og planlegg arbeidet i dialog med andre
  • Du er fleksibel, løysingsorientert og serviceinnstilt
  • Du kommuniserer godt og byggjer gode samarbeidsrelasjonar
  • Du trivst med å koordinere arbeid og bidra til eit godt lagmiljø
  • Du er open for å lære nye system og ta i bruk digitale verktøy

 Personlege eigenskapar vil bli tillagde vekt. 

Me tilbyr
  • Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag med ansvar for viktige kommunale bygg
  • Ei sentral rolle i eit godt fag og arbeidsmiljø
  • Gode pensjons og forsikringsordningar
  • Velferdsordningar i tråd med kommunen sine avtalar
  • Løn etter gjeldande tariffavtale. Forventa årsløn kan vere opptil 639 600 kroner ved fullt opptent ansiennitet

Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med 25 000 kroner i året kan vere aktuell for deg som har bustadadresse og er yrkesaktiv i Sogndal kommune. Sjå Lånekassen si informasjon om ordninga for meir informasjon om kvalifisering.

Sogndal kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller hol i CV-en.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som går fram av lover, reglement og tariffavtalar. Det kan bli aktuelt med prøvetid i samsvar med gjeldande regelverk.

I samsvar med offentleglova kan namnet ditt bli offentleggjort sjølv om du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste. Dersom ønsket ditt ikkje kan takast til følgje, vil du bli varsla før søkjarlista blir offentleggjord.

Søknad og relevante vedlegg må sendast gjennom EasyCruit innan søknadsfristen.

Tiltreding etter avtale.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Sigve Lirhus

45879173

sigve.lirhus@sogndal.kommune.no

Om bedriften

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e8167e62-d7e6-4bf1-82ad-0607a841ac0a

Sist endret

3. november 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3675619_233935_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser