Hopp til innhold

Arbeidsleiar drift og vedlikehald – ei nøkkelrolle i teknisk drift

Arbeidsgiver

Lærdal kommune Tekniske Tenester

Sted

Øyraplassen 7, 6887 Lærdal

Om jobben

Stillingstittel
Arbeidsleiar drift og vedlikehald - teknisk drift
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 30. november

I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn. Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus.Me har ledig 100 % fast stilling som arbeidsleiar drift og vedlikehald - teknisk drift. 

Stillinga har ei sentral rolle i den daglege drifta, og inneber leiing og oppfølging av medarbeidarane i utedrifta.

Arbeidskvardagen hjå teknisk drift er variert og omfattar eit breitt spekter av oppgåver - frå drift og vedlikehald av kommunale vegar og uteområde til oppgåver knytte til kommunen sin bygningsmasse. Du vil ha ei viktig rolle i å planleggje, prioritere og følgje opp det praktiske arbeidet.

Krav til utdanning og erfaring

Me søkjer etter deg som har fagbrev og gjerne teknisk fagskule innan relevante fagområde. Lang og allsidig arbeidserfaring, kombinert med gode personlege eigenskapar, kan kompensera for manglande formell utdanning. 

Erfaring frå drift, vedlikehald, anlegg, bygg eller liknande arbeidsområde vil vera relevant. Erfaring med arbeidsleiing er ein fordel. 

Førarkort klasse B er nødvendig. 

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som er praktisk anlagt, løysingsorientert og trivst med ein variert arbeidskvardag. Du tek ansvar, har god gjennomføringsevne og klarar å prioritera når fleire oppgåver må løysast samtidig. 

Du er ryddig og rettferdig i møte med medarbeidarane, har gode samarbeidsevner og er oppteken av kvalitet i arbeidet. Stillinga krev at du kan samarbeida på tvers av fagområde og einingar, og sjå kommunen og oppgåvene våre i ein heilskap.

Me tilbyr:
  • Løn i etter avtale
  • Gode pensjonsordningar gjennom medlemskap i KLP
  • Gode personforsikringar som ein del av tilsettingsforholdet
  • Eit godt og inkluderande fagmiljø med dyktige, kjekke og engasjerte kollegaer
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving

 

Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:
  • Full barnehagedekning
  • Gratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klasse
  • Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
  • Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette hjå oss skal spegla samansetjinga i resten av befolkninga. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkja stilling hjå oss, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter at søknadsfristen har gått ut, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste. Lista inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn i opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan likevel verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå oppført på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren verta varsla om dette.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Jan Skeistrand

Avdelingsleiar teknisk drift, brann og beredskap

+47  482 41 029

jan.skeistrand@laerdal.kommune.no

Om bedriften

I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

fd8f88a0-8cd3-489f-bb69-1cafc7a9d580

Sist endret

11. november 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3676099_233191_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser