Hopp til innhold

Kommunalsjef for teknisk, plan og miljø

Arbeidsgiver

Årdal kommune Årdal kommune

Sted

Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 30. november

Vil du vere med og forme framtida i Årdal?

Årdal kommune søkjer no ein engasjert og samlande kommunalsjef for teknisk, plan og miljø til ei 100% fast stilling. Me ser etter deg som er ein trygg og strategisk leiar – ein som ynskjer å bidra til utvikling, skape gode løysingar og byggje sterke fagmiljø i lag med dyktige medarbeidarar.

 

Ei nøkkelrolle i ei berekraftig utvikling

I denne rolla blir du ein sentral del av kommunen si leiargruppe, tett på både strategi og gjennomføring. Du vil få ei nøkkelrolle i arbeidet med å utvikle Årdal vidare som ein berekraftig og framtidsretta kommune. Rolla gir deg høve til å påverke både retning og resultat, og til å arbeide i skjeringspunktet mellom politikk, forvaltning og samfunnsutvikling.

 

Ansvar og arbeidsområde

Du vil få eit heilskapleg leiaransvar med ansvar for økonomi-, personal- og fagleg utvikling innan eit breitt og variert fagområde. Området omfattar mellom anna investeringsprosjekt, planarbeid, byggesak, drift og vedlikehald, samt vatn, avløp, utedrift, brann/beredskap, miljø og folkehelsearbeid. Til saman er det ca 55 tilsette på arbeidsområdet teknisk, plan og miljø.

I stillinga vil du også ha oppfølging av interkommunale samarbeid blant anna på renovasjon. Du vil og bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeid på tvers av sektor- og tenesteområde og bygge relasjon til eksterne aktørar.

 

Kven ser me etter?

Me ser etter deg som har relevant høgare teknisk utdanning og erfaring frå eitt eller fleire av fagområda. Du har leiarerfaring, god forståing for økonomistyring, og erfaring med planarbeid eller prosjektleiing. Kjennskap til kommunal verksemd og relevant lovverk er ein fordel, men viktigast er di evne til å tenkje heilskapleg og skape framdrift.

Som leiar i Årdal kommune er det viktig at du er strukturert, tydeleg og inkluderande. Du trivst med ansvar, er god til å byggje relasjonar og har eit ekte engasjement for både folk og fag. Du kommuniserer godt, både munnleg og skriftleg, og evnar å stå støtt i både strategiske og operative utfordringar.

 

Kvifor velje Årdal kommune?

Årdal kommune er ein nasjonalparkkommune med spektakulære eventyr rett utfor døra. Her bur du tett på fjord og fjell, med eit rikt tilbod innan friluftsliv og aktivitetar gjennom heile året. Om du likar fjellturar, ski, fiske, sykling eller andre utandørs aktivitetar, er moglegheitene mange.

Me er eit lite og inkluderande lokalsamfunn med eit godt kultur- og fritidstilbod, med aktive lag, organisasjonar og idrettsmiljø. Dette gir gode høve til å bli kjend med lokalsamfunnet og finne aktivitetar som passar for både born og vaksne.

 

Hjå oss får du ei spennande og meiningsfull leiarrolle i ein kommune med store ambisjonar og korte avstandar frå idé til handling. Her får du verkeleg høve til å påverke og sjå resultat av arbeidet ditt.

Løn blir avtalt etter kvalifikasjonar, og me tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar.

 

Klar for ei ny og meiningsfull leiarrolle?

Kjenner du at dette kan vere steget vidare for deg – då håpar me verkeleg du tek kontakt og søkjer den ledige stillinga hjå oss!

 

 Andre opplysningar:
  • Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med 25.000kr i året gjeld for deg som har bustadadresse i Årdal kommune. Sjå Lånekassen.no for meir informasjon om kvalifisering
  • Me gjer merksam på at ifølgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader

Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Mette Hestetun Berg

+47 97019648

mette.hestetun.berg@ardal.kommune.no

Om bedriften

Når du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune. Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune. I kommunen er det har seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule. På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette. Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning. Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no, www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram. Velkomen til oss i Årdal !

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d4f402b7-fa40-4eb9-ba37-216bf4452b2a

Sist endret

10. november 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3676189_226795_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser