Hopp til innhold

26,4% stilling som helsefagarbeidar, natt ved Mjøstølen avslastning

Arbeidsgiver

Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma

Sted

Kaldhagen 2, 5780 Kinsarvik

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Ullensvang kommune, tenesta for funksjonshemma, har ledig fast 26,4% stilling som helsefagarbeider på natt ved Mjøstølen avlastning med arbeid kvar tredje helg.

Mjøstølen avlastning yter tenester til familiar som har barn med ulike funksjonsvariasjonar. Vi yter også tenester til unge vaksne med funksjonsvariasjonar.  Vi har døgndrift i lokale tett på Odda sentrum. 

Vi er opptekne av at barna og familiane skal oppleve tryggleik når barnet er hjå oss. Arbeidet inneber difor å skape gode og trygge rammer for barna, støtte dei i kvardagslege aktivitetar og leik, samt følgje opp individuelle behov. Vi samarbeider også med pårørande, skular, barnehagar og andre instansar, som spesialisthelsetenesta.  Vi er eit godt team som er opptekne av å gi gode, stabile tenester ved å støtte og hjelpe kvarandre i det daglege arbeidet. 

 

Arbeidsoppgåver:

Som helsefagarbeidar på natt har du ansvar for å skape tryggleik og god omsorg for brukarane som er til stades. Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere:

  • Gjere regelmessige tilsyn og observasjonsrundar gjennom natta

  • Sikre ro og tryggleik for brukarane som søv

  • Vere i beredskap og handtere eventuelle behov som oppstår

  • Bidra i kveldsrutinar og kveldsstell før brukarane legg seg

  • Støtte i morgenstell og førebuing til dagen når brukarane vaknar

  • Dokumentere observasjonar og hendingar i samsvar med gjeldande rutinar

  • Samarbeide med øvrig personale for å sikre kontinuitet og god kvalitet i tenestene

 

Kvalifikasjonar: 

  • Autorisasjon som helsefagarbeider. Andre med erfaring frå liknande arbeid kan verte vurderte. 

    • Skriftleg og munnleg norskkunnskap

    • Erfaring frå bruk av IT verktøy 


    Personlege eigenskapar:
    • Du må vere engasjert og brenne for arbeidet du legg ned.

    • Du må vere systematisk, ha evne til å motivere andre og vere ein god lagspelar. 

    • Du må ha ein god evne til å tenka kritisk, gi konstruktive tilbakemeldingar og arbeide sjølvstendig.

    • Du må vere ein positiv og engasjert medarbeidar som er opptatt av eit godt arbeidsmiljø. 

    • Du er fleksibel og positiv til endringar


    Vi tilbyr:

    • Varierte arbeidsoppgåver

    • Løn etter hovudtariffavtalen

    • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

    • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA) og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

    Krav:
    • Politiattest

    • Godkjend tuberkulinstatus

     

    Oppstart snarast mogleg eller etter avtale.

     

    Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

    Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

    Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
    Forslått fjerna i statsbudsjettet


    Til orientering om Offentleglova:

    Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
    For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
    I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
    "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


    Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

    Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Om bedriften

    - ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    a20aedc7-9301-417a-9eba-50033aa4db07

    Sist endret

    8. desember 2025

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3565775_193155_nn

    Lignende annonser