Hopp til innhold

Energimontør Haringnett AS

Arbeidsgiver

Haringnett AS

Sted

Kaldestad 40, 5600 Norheimsund

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Energimontør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Haringnett AS søkjer etter energimontør i 100% stilling.

Haringnett er det lokale nettselskapet i Kvam Herad og har ansvar for å levera trygg og stabil straum til folk og verksemder kvar einaste dag. Målet vårt er enkelt: Straumen skal fram -- alltid.

Elektrifiseringa gjer at stadig fleire prosessar krev straum, og dette fører til både større aktivitet og fleire spennande oppgåver for oss. Samstundes står me midt i viktige investeringar i distribusjonsnettet. For å møte desse behova ønskjer me no å styrkja laget med fleire dyktige energimontørar.

Som energimontør hos Haringnett får du høve til å påverka kvardagen din. Me er ein liten og tett organisasjon der avgjerder blir tekne nær fagmiljøet, og der innspel frå medarbeidarane er ein naturleg del av arbeidet. Du får vera med på heile prosessen og bidra til løysingar som fungerer i praksis.

Driftsavdelinga arbeider innan fleire fagfelt, mellom anna høgspent line og kabel, lågspent line og kabel, kundetilknytingar, skoging og nettstasjonar. Me søkjer ein fleksibel fagperson som kan gå inn i ulike oppgåver etter behov.

Arbeidsoppgåver
  • Drift, vedlikehald og beredskap av distribusjonsnettet i Kvam Herad

  • Utbygging og vedlikehald av lågspent nettet

  • Utbygging og vedlikehald av høgspent nettet opp til 22 kV

  • Planlegging og evaluering av oppdrag/prosjekt

  • Inspeksjon og befaring av distribusjonsnettet

  • Deltaking i vaktordning

Kvalifikasjonar
  • Bestått fagbrev i energimontørfaget eller fagbrev i elektrikerfaget med allsidig praksis

  • Førarkort kl B

Personlege eigenskapar
  • Evna å arbeida systematisk, både sjølvstendig og som eit lag

  • Engasjement for faget

  • Vilje til å bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø

  • Fleksibel

  • Likar å arbeida ute heile året

  • Handterer høgder og klatring

  • Tek HMS på alvor

Me tilbyr
  • Spennande, betydningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver

  • Eit arbeidsmiljø prega av trivsel og samhald

  • 7,5 timer arbeidsdag, inkl. matpause

  • Konkurransedyktige betingelsar og pensjonsordning gjennom KLP

Som vedlegg til søknad ynskjer me:
  • Oppdatert CV

  • Kopi av vitnemål/fagbrev

  • Referansar

Spørsmål til stillinga kan rettast til nettsjef: Aaron Miille, aaron.miille@haringnett.no, 41226686.

Om bedriften

Haringnett AS er eit nettselskap med ansvar for kraftforsyninga i Kvam herad i Hardanger. Selskapet har tilhald i Norheimsund, og inngår i konsernet Kvam Energi. Verksemda har i dag 21 tilsette.

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a1ff4968-0ded-434f-aab7-c4c3890e5a32

Sist endret

5. januar 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

439386566

Lignende annonser

Laster lignende annonser