Lokalitetsleiarar og Driftsteknikarar søkes til turnusordning på våre lokalitetar på Fedje
Tombre-gruppa
Leiro 33, 5640 Eikelandsosen
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 4
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Vil du jobbe i havbruk med ein føreseieleg turnus og ein variert arbeidskvardag tett på produksjonen?
Vi søker tilsette til skiftordning ved våre lokalitetar på Fedje (Moldøyosen og Grisholmsundet), og søkjer både lokalitetsleiarar og driftsteknikarar til fast turnus.
Hos oss blir du ein del av eit sterkt og effektivt team med ein arbeidskvardag tett på det som skjer i produksjonen.
Om stillingaSom lokalitetsleiar vil du få ansvar for planlegging, prioritering og leiing av drifta i din arbeidsperiode. Rolla inneber også overordna ansvar for lokaliteten, inkludert planlegging, rapportering og oppfølging av drift, resultat og HMS. Rolla vil samarbeide tett med produksjonsorganisasjonen i konsernet.
Som driftsteknikar vil du vere ein sentral bidragsytar i den daglege drifta og samarbeide tett med lokalitetsleiar.
I periodar utan fisk på lokaliteten må det påreknast å bidra ved andre lokalitetar i konsernet.
Arbeidsoppgåver ellers-
Dagleg drift og oppfølging av lokalitet
-
Fôring og overvaking av fisk
-
Sikre god fiskevelferd og produksjonskvalitet
-
Registrering og oppfølging av produksjonsdata
-
Vedlikehald av utstyr og anlegg
-
Delta i operasjoner som f.eks. smoltutsett, notskift, levering og behandling av fisk
-
Aktiv deltaking i selskapets interkontroll og HMS-arbeid
-
Erfaring frå havbruk - Fagbrev i akvakultur er ein fordel
-
For lokleiar: erfaring frå leiande rolle er ein fordel, men ikkje eit krav - Vi oppmodar også kandidatar som ønskjer å ta neste steg til å søkje
-
D6-sertifikat er ønskjeleg
-
Relevante kurs innan sikkerheit og beredskap er positivt
-
Sjølvstendig, ansvarsbevisst og strukturert
-
Samarbeider godt med andre
-
Praktisk anlagt og løysingsorientert
-
Trivst med ein kvardag der oppgåver og tempo varierer
-
Føreseieleg turnus
-
Ei rolle med reelt ansvar og påverknad i drifta
-
Bustad i arbeidsperioden
-
Varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver
-
Gode moglegheiter for fagleg utvikling
-
Konkurransedyktige vilkår
Me tilsetter fortløpande. Søknadsfrist seinast 10. mai.
Ta kontakt ved spørsmål.
Om bedriften
Tombre er eit framtidsretta havbrukskonsern med hovudkontor i Eikelandsosen i Bjørnafjorden kommune, om lag éin times køyretur frå Bergen sentrum. Me driv oppdrett av laks og aure på Vestlandet, frå Høyanger i nord til Karmøy i sør, med sterkt fokus på økologisk og berekraftig produksjon.
Konsernet har i dag 9,5 matfiskkonsesjonar og 2 setjefiskkonsesjonar. Årleg blir det produsert om lag 14 000 tonn laks og aure. Produksjonen i sjø er fordelt på 14 lokalitetar i Vestland fylke.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
38e38b35-820d-44ea-8d6d-e1c01bf4c61f
- Sist endret
28. april 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
461177436