Hopp til innhold

Pedagogar i barnehagane

Arbeidsgiver

Skjåk Kommune Sentraladministrasjon

Sted

Moavegen 30, 2690 Skjåk, Skjåk, Innlandet

Om jobben

Stillingstittel
Pedagogisk leder barnehagelærer
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 12. april

Ein ny barnehage veks fram i Skjåk -- og vi treng dyktige pedagogar med på laget. Vi har ledige stillingar både i den nye barnehagen og i Dønfoss naturbarnehage for deg som vil skape gode kvardagar for barn tett på natur, leik og fellesskap.

Det var ein gong -- og snart på ordentleg -- ein ny barnehage i Skjåk

Barnehagen veks fram mellom fjell og skog, forma for små føter, store tankar og trygge fellesskap. Her blir lys, natur og leik vove saman i omgjevnader som gjev ro, undring og livsglede. Dørene står opne -- ikkje berre for barna, men for familiane rundt dei, og for fagfolk som vil skape noko godt i lag.

Nå ventar barnehagen på fleire pedagogar som vil vere med og skape kvardagar prega av tryggleik, leik og fagleg medvit. Pedagogar som ser verdien av gode relasjonar, inkluderande fellesskap og samarbeid med familiar og kollegaer. Her får du vere med frå starten -- og setje spor i både praksis og kultur.

Er det du som skal bli ein viktig pedagog i barna sine forteljingar -- midt i Skjåk, der barna står i sentrum, og framtida får vekse i trygge hender

Hausten 2026 opnar Skjåk ein heilt ny barnehage med fem avdelingar i sentrum av bygda. Barnehagen og helsestasjonen vil vere lokaliserte i same bygg, og i eit samla oppvekstmiljø der mellom anna skule, bibliotek, idrettshall, symjehall, utandørs idrettsanlegg og kulturskule ligg tett i tett. Det er kort veg til naturen og ulike leikearenaer i friluft.

Vi har også ein toavdelings naturbarnehage -- Dønfoss naturbarnehage -- som ligg i munningen av Breheimen, med eit variert utemiljø der naturen er den viktigaste læringsarenaen.

Skjåk treng pedagogar både til den nye barnehagen og Dønfoss naturbarnehage, både pedagogiske leiarar og barnehagelærarar i faste stillingar og vikariat.

Som barnehagepedagog i Skjåk skal du mellom anna

  • arbeide målretta for eit inkluderande fellesskap der mangfald er ein ressurs

  • leie og vidareutvikle det pedagogiske arbeidet på avdelinga

  • rettleie og støtte medarbeidarar i det pedagogiske og metodiske arbeidet

  • planleggje, gjennomføre og vurdere det pedagogiske tilbodet i tråd med lovverk og rammeplan

  • utarbeide og følgje opp årsplan i samarbeid med styrar og kollegaer

  • leggje til rette for eit ope og tillitsfullt samarbeid med føresette

  • dele fagkunnskap om barn si utvikling og læring, og bidra til kompetanseutvikling i personalgruppa

  • halde deg fagleg oppdatert

Vi ser etter deg som

  • har godkjend barnehagelærarutdanning (anna relevant godkjend utdanning kan vurderast)

  • har erfaring som pedagogisk leiar, og kan vise til gode resultat innanfor pedagogisk leiing

  • har eit sterkt engasjement for barnehagefaget og barn si utvikling

  • trivst ute, samt planlegg og deltek aktivt i leik og aktivitet i all slags vêr

  • er ein trygg, tydeleg og relasjonssterk pedagog

  • arbeider strukturert og målretta, både sjølvstendig og i team

  • er raus, fleksibel og løysingsorientert i møte med barn, føresette og kollegaer

  • har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

  • har grunnleggjande digital kompetanse

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Skjåk kommune ynskjer eit mangfald i personalgruppa, og oppmodar særleg menn til å søkje.

Har du spørsmål?

Ta gjerne kontakt med styrar Heidi Jevnheim -- tlf. 901 93 957

eller dagleg leiar Karin Fjerdingren -- tlf. 980 64 714

Søknadsfrist: 12.04. 2026 Elektronisk søknadsskjema

Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar.

Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.

Vil du vite meir om oss?

Les meir om den nye barnehagen og korleis Skjåk kommune satsar på oppvekst på Å vekse opp i Skjåk - Skjåk Kommune

Les meir om Skjåk kommune på www.skjaak.kommune.no

Tilflyttarkonsulenten vår kan vere til støtte når du skal finne eigna bustad, gje deg nyttig og nødvendig informasjon, og ikkje minst hjelpe deg med å finne din plass i Skjåk. Kanskje har du ein partner som vil vite meir om arbeidsmoglegheiter i Skjåk. Har du barn vil du kanskje vite meir om barnehage, skule og fritidstilbod. Om du ynskjer å prøvebu i Skjåk nokre dagar kan tilflyttarkonsulenten legge til rette for dette også.

Ta kontakt gjerne kontakt med Heidrun Israelsen, prosjektleiar for Sats på Skjåk - tlf. 99427902.

Meir informasjon om å livet i bygda finn du på www.skjak.no

Sletting av studielån

Visste du at når du er busett i Skjåk, samt er yrkesaktiv i eller utanfor kommunen kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år?

Les meir om Sletting av gjeld i utvalgte kommuner

Kontaktperson for stillingen

Heidi Jevnheim

Styrar

901 93 957

heidi.jevnheim@skjaak.kommune.no

Om bedriften

Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a1d43f5f-0375-49b9-b32e-6ae0e11d278c

Sist endret

16. mars 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

a1d43f5f-0375-49b9-b32e-6ae0e11d278c

Lignende annonser

Laster lignende annonser