Lærar på Ambulansefag
Ålesund videregående skole, Møre og Romsdal fylkeskommune
Sjømannsvegen 47, 6008 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærar på Ambulansefag
- Oppstart
- 1. mai 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. mars
Vil du vere med og forme framtidas ambulansepersonell – og samstundes jobbe i eit sterkt fagmiljø ved den største vidaregåande skolen i fylket?
Ålesund videregående skole søker no ein engasjert og fagleg trygg lærar til ambulansefag, i inntil 100 % stilling.
Vi søkjer deg som vil skape engasjerande og framtidsretta læring, og som vil løfte motiverte elevar inn i eit yrke der fagleg styrke, samhandling og ansvar står i sentrum.
Skolen har eit solid og inkluderande arbeidsmiljø, breitt utdanningstilbod og sterke yrkesfaglege tradisjonar. Ambulansefaget er ein viktig del av satsinga vår innan helse- og oppvekstfag, og vi arbeider tett saman med praksisfeltet for å sikre relevant og praksisnær opplæring.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i programfag VG2 Ambulansefag og Helse- og oppvekstfag.
- Samarbeid i fag- og klasseteam.
- Foreldresamarbeid.
- Etablere praksisplassar og delta saman med elevane i øvingar og simulering.
- Oppfølging av elevar i arbeidspraksis.
- Utstrakt samarbeid med eksterne aktørar.
Kvalifikasjonar
Vi søker etter deg som har fullført fagutdanning med
- Fagbrev som ambulansearbeidar og toårig yrkesteoretisk utdanning og 4 års praksis i faget.
- Bachelorgrad innan paramedisin, sjukepleie eller tilsvarande med minimum 60 studiepoeng i relevante fag.
Du må ha fullført YFL / PPU-Y. Søkarar som ikkje har pedagogisk utdanning er velkomne til å søke på vilkår av at dei vil ta slik utdanning.
Erfaring frå operativ og klinisk prehospitale tenester kan vere ein fordel (t.d. ambulanseteneste, AMK eller annan akuttmedisinsk verksemd).
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- er trygg i eigen fagkompetanse og liker å dele kunnskap.
- har god pedagogisk forståing og formidlingsevne.
- er nysgjerrig, fleksibel og utviklingsorientert.
- har gode samarbeidsevner og bidreg positivt i profesjonsfellesskapen.
- er strukturert, sjølvstendig og tydeleg i klasseleiing og fokuserer på gode relasjonar i læringsmiljøet.
- er engasjert i elevens faglege og sosiale utvikling.
Vi tilbyr
- Ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av høg grad av profesjonalitet
- God tilgang til sterke fagmiljø og fagleg utvikling.
- Ei meiningsfull og samfunnsviktig stilling i vidaregåande opplæring.
- Eit sterkt fagmiljø innan helse- og oppvekstfag.
- Gode moglegheiter for fagleg og pedagogisk utvikling.
- Moderne undervisningsfasilitetar, Lærdals siste simuleringsutstyr og godt støtteapparat.
- Offentleg pensjonsordning, gruppe- og ulykkesforsikring
- Løn og arbeidsvilkår i tråd med gjeldande tariffavtale
Stillinga er ledig frå 1. mai 2026, oppstartstidpunkt gjerast etter avtale med den som vert tilsett.
Kontaktinformasjon
Nancy Walderhaug, Avdelingsleder , 40488363Arbeidsstad
Sjømannsvegen 476008 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5082789454
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.05.2026
Søknadsfrist: 15.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Nancy Walderhaug
Avdelingsleder
40488363
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune er opptatt av mangfald, og vi oppfordrar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For deg som får tilbod om stilling med arbeidsstad i skole og tannhelsetenesta er det krav om politiattest.
Dersom du ønsker at søknaden din skal bli behandla konfidensielt, gjer vi deg merksam på at opplysningane likevel kan bli gjort offentleg. Du vil då få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Om skolen:
Ålesund videregående skole er den største i fylket med ca. 1400 elevar og eit stort mangfald av både studieførebuande og yrkesfaglege utdanningar. Vi er lokalisert på Campus Ålesund (i Fagerlia) og på Volsdalsberga, med nært og godt samarbeid med NTNU Ålesund, Fagskolen Møre og Romsdal og regionalt nærings- og kulturliv. Vi skal vere ein attraktiv og framoverlent skole med høg elevgjennomføring, og som leverer relevant kompetanse for både arbeidsliv og høgare utdanning.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a17c8c32-279a-410b-9a26-12f20448ce51
- Sist endret
2. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8ab34d5025224c7ca791a0c5d6d13978
Lignende annonser
sykepleierstudenter, ambulansefagarbeider/paramedic, helsefagarbeider, annen relevant helsebakgrunn
Arbeidsgiver
Øyeblikkeleg hjelp døgnavdeling (ØHD), Ålesund kommune
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Ambulanseseksjon Ulstein-Herøy, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ulsteinvik
Sjukepleiar, 100 % vikariat avd. Døgnbemanna omsorgsleilegheiter
Arbeidsgiver
Spjelkavik omsorgssenter, Ålesund kommune
Sted
Ålesund