Hopp til innhold

Lærar helsearbeidarfag og ambulansefag 

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal fylkeskommune, Ålesund videregående skole

Sted

Gangstøvikvegen 27, 6009 Ålesund, Sjømannsvegen 47, 6008 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Lærar på Helsearbeiderfag
Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 13. april

Vil du vere med og forme framtidas helsepersonell – og samstundes jobbe i eit sterkt fagmiljø ved ein av dei største vidaregåande skulane i fylket?
Ålesund videregående skole søkjer no ein engasjert og fagleg trygg lærar til helsearbeiderfag, i  inntil 100% stilling, for skoleåret 2026-2027.
Det kan og vere aktuelt med noko undervisning ved VG2 Ambulansefag.

Skolen har eit solid og inkluderande arbeidsmiljø, breitt utdanningstilbod og sterke yrkesfaglege tradisjonar. Helsearbeidarfag og Ambulansefag er viktig i satsinga vår innan helse- og oppvekstfag, og vi arbeider tett saman med praksisfeltet for å sikre relevant og praksisnær opplæring.


Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i programfag VG2 Helsearbeidarfag og Ambulansefag
  • Samarbeid i fag- og klasseteam.
  • Foreldresamarbeid.
  • Planlegge, koordinere og følge opp elevenes praksisperioder. 
  • Delta saman med elevane i øvingar og simulering. 
  • Utstrakt samarbeid med eksterne aktørar 

Kvalifikasjonar

Vi søker etter deg som har fullført fagutdanning med

  • Fagbrev som helsefagarbeidar, eventuelt ambulansearbeidar, og toårig yrkesteoretisk utdanning og 4 års praksis i faget.
  • Bachelorgrad innan sjukepleie, paramedisin eller tilsvarande med minimum 60 studiepoeng i relevante fag.
  • Pedagogisk utdanning (PPU-Y). Dersom ikkje kvalifiserte søkjarar vil du kunne bli vurdert for mellombels tilsetjing utan PPU-Y.   
Det kan vere en fordel å ha erfaring frå prehospitale tenester (t.d. ambulanseteneste, AMK eller annan akuttmedisinsk verksemd)

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • er trygg i eigen fagkompetanse og liker å dele kunnskap.
  • har god pedagogisk forståing og formidlingsevne.
  • er nysgjerrig, fleksibel og utviklingsorientert.
  • har gode samarbeidsevner og bidreg positivt i profesjonsfellesskapen.
  • er strukturert, sjølvstendig og tydeleg i klasseleiing og fokuserer på gode relasjonar i læringsmiljøet.
  • er engasjert i elevens faglege og sosiale utvikling.

Vi tilbyr

  • Ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av høg grad av profesjonalitet.
  • God tilgang til sterke fagmiljø og fagleg utvikling.
  • Ei meiningsfull og samfunnsviktig stilling i vidaregåande opplæring.
  • Eit sterkt fagmiljø innan helse- og oppvekstfag.
  • Gode moglegheiter for fagleg og pedagogisk utvikling.
  • Moderne undervisningsfasilitetar, Lærdals siste simuleringsutstyr og godt støtteapparat.
  • Offentleg pensjonsordning, gruppe- og ulykkesforsikring
  • Løn og arbeidsvilkår i tråd med gjeldande tariffavtale

Stillinga er ledig frå 1. august 2026.

Kontaktinformasjon

Nancy Walderhaug, Avdelingsleder , 40488363

Arbeidsstad

Sjømannsvegen 47
6008 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5103444368
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 18.06.2027
Søknadsfrist: 13.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Nancy Walderhaug

Avdelingsleder

40488363

Om bedriften

Om skolen: 

Ålesund videregående skole er den største i fylket med ca. 1400 elevar og eit stort mangfald av både studieførebuande og yrkesfaglege utdanningar. Vi er lokalisert på Campus Ålesund (i Fagerlia) og på Volsdalsberga, med nært og godt samarbeid med NTNU Ålesund, Fagskolen Møre og Romsdal og regionalt nærings- og kulturliv. Vi skal vere ein attraktiv og framoverlent skole med høg elevgjennomføring, og som leverer relevant kompetanse for både arbeidsliv og høgare utdanning. 

https://alesund.vgs.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f6bc3a44-e978-4e2b-93a0-60561c24661a

Sist endret

31. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

318c92079dda4c82acb6592fa75f73f7

Lignende annonser

Laster lignende annonser