Hopp til innhold

Fjell ungdomsskule

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Fjell ungdomsskule

Sted

Bjørkestølen 41, 5353 Straume

Om jobben

Stillingstittel
Er du vår nye barne- og ungdomsarbeidar/ miljørettleiar?
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 22. juni

Om skulen:

Fjell ungdomsskule er ein interessant og utfordrande arbeidsstad som er i stadig utvikling. Skulen er ein MOT-skule og har om lag 520 elevar og 70 tilsette. Dei tilsette har høg fagleg kompetanse og tilpassa opplæring skal gje elevane høve til fagleg og personleg utvikling i eit miljø der alle tek ansvar for fellesskapet. Vi er i spanande prosessar med planlegging av nytt skulebygg som skal stå ferdig hausten 2028.

Vanlege arbeidsoppgåver er varierte og inkluderer:

  • Tilrettelegging for leik og aktivitetar:
  • Planlegge og gjennomføre ulike aktivitetar som fremjar leik, læring og sosial utvikling.

  • Støtte og rettleiing:
  • Vere ein trygg vaksenperson som gir støtte og rettleiing til enkeltborn og grupper.

  • Sosial utvikling:
  • Leggje til rette for at born og unge opplever eit positivt fellesskap og lærer å samhandle med andre.

  • Leik og læring:
  • Delta aktiv i leik, og leggje til rette for læring gjennom ulike aktivitetar som drama, musikk, forming og friluftsliv.

  • Dagleg stell og omsorg:
  • Hjelpe til med praktiske gjeremål som stell, påkledning og mat.

  • Samarbeid med føresette og kollegaer:
  • Halde god kontakt med foreldre og samarbeida tett med andre tilsette for å sikra ungdommen sitt beste.

  • Tilrettelegging for ungdom med særlege behov:
  • Tilpassa aktivitetar og tilnærmingar til unge med ulike behov og føresetningar.

  • Dokumentasjon og evaluering:
  • Vurdera og dokumentera borna si utvikling og framgong.

  • UFO
  • Hjelpa til i skulefritidsordninga for ungdom.

    Anna:

    Stillinga er 100 % med 11 % trekk grunna at arbeidstida følgjer skuleruta.

    Kvalifikasjonar:

    Må ha:
    • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller høgskuleutdanning som kvalifiserer som miljørettleiar
    • Erfaring frå arbeid med elevgruppa
    Personlege eigenskapar:
    • Vi søkjer deg som er løysingsfokusert, omsorgsfull og initiativrik
    • Du er ein trygg vaksen som likar å jobba med ungdom
    • Du er påliteleg, ansvarsbevisst og har godt humør
    • Du er omgjengeleg og ein god kollega
    • Gode samarbeidsevner
    • Gode kommunikasjonsevner
    • God arbeidskapasitet
    • Robust
    • Fleksibel
    • Gode evner til å byggja relasjonar til ungdom, føresette og kollegaer
    • God evne til å løysa komplekse utfordringar
    • Evne til å jobbe effektivt, strukturert og systematisk
    Vi tilbyr:
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
    • Interessante utfordringar
    • Høve til fagleg og personleg utvikling

     Kontakt

    Bente Lervik Kleppe

    bente.lervik@oygarden.kommune.no

    Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

    Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Bente Kleppe Lervik

    +47 55097702

    bente.lervik@oygarden.kommune.no

    Om bedriften

    Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    a1051ec1-3283-46f7-88e0-1b5662bfec6b

    Sist endret

    8. juni 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3635167_188773_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser