Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Bjørnafjorden kommune Lysekloster barneskule
Edne 11, 5215 Lysekloster
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøarbeidar/fagarbeidar ved Lysekloster barneskule
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 14. juni
Lysekloster barneskule har fast stilling ledig for miljøarbeidar/fagarbeidar. Stillinga vil vere på 65,25% fordelt på fem dagar. Med fast vaktplan i skuleåret 26-27: kl.10.45-16.15.
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for fagleg og sosial utvikling. Vi har og som mål at alle elevar blir funksjonelle lesarar.
Arbeidsstad
Lysekloster barneskule er ein 1.-7. skule med om lag 140 elevar og 23 tilsette. Skulen ligg ved idrettsbanen i Lysefjorden og er tilrettelagt for læring og leik både ute og inne. Bygda og lokalmiljøet er ein viktig arena i skulen si opplæring. I samarbeidet med heimane skal vi skape eit trygt oppvekst- og læringsmiljø for barn i bygda.
Arbeidsoppgåver
Arbeid med barn i skule og SFO. Oppfølging, tilsyn og stell med elevar som treng dette på skulen sin tilrettelagde avdeling. Du må og kunne følgje barn som har eit høgt aktivitetsnivå. Våre nye medarbeidarar har ei viktig rolle i arbeidet med å skape trygge og gode rammer for læring og utvikling for elevane i tida dei er på skulen.
Kvalifikasjonar
Fagbrev i barne - og ungdomsarbeidarfaget, men søkjarar med anna relevant utdanning og erfaring vil bli vurdert.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av HK-dir.
Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.
Eigenskapar
Vi ønskjer ein strukturert og tydeleg medarbeidar, med gode evner til å kommunisere, og som er glad i å jobbe med barn.
I tillegg til formell kompetanse legg vi stor vekt på personlege eigenskapar.
Engasjement, fleksibilitet, samarbeid, og vilje til endring og utvikling er viktig for oss.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0db39ce7-d42d-443c-9499-2cbc37c17386
- Sist endret
5. juni 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3635251_207783_nn