Hopp til innhold

Vil du ha verdas viktigaste jobb? Vi har ledig fast stilling som psykolog ved BUP Sentrum! 

Arbeidsgiver

Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU)/ BUP Sentrum, Helse Bergen HF

Sted

Østre Murallmenningen 7, 5012 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Vi har ledig stilling som psykolog ved BUP Sentrum!
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 8. mai

Bli med på ei meiningsfull reise og gjer ein skilnad i livet til barn og ungdom!

Ønsker du å vere ein del av eit team som er dedikert til å forbetre og berike livet til barn og ungdom som treng hjelp og støtte? Er du opptatt av å støtte og rettleie unge menneske gjennom utfordringane deira? Vil du vere med og hjelpe foreldre til å vere ei endå betre støtte for barna sine? Har du lyst til å vere med og utvikle og forbetre det psykiske helsevernet for barn og unge? Då har vi den perfekte moglegheita for deg! Vi på BUP Sentrum meiner nemleg at vi har verdas viktigaste jobbar – og kanskje verdas finaste utsikt.

Hos oss får du ikkje berre spennande faglege utfordringar, men også eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer i alle aldrar. Vi legg vekt på samarbeid, humor og trivsel i kvardagen, og vi ønsker å skape ein arbeidsplass der alle kan kjenne seg verdsette og inspirerte.

BUP Sentrum er ein del av Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU), ein klinikk som tilbyr utgreiing og behandling av barn og unge opp til 18 år, både poliklinisk og ved innlegging i sengepostar. Klinikken har mellom anna sju allmenne poliklinikkar, ein spesialisert poliklinikk, tre sengepostar og ambulante tenester. Nokre tilbod er organiserte i tyngdepunkt, som gir tilbod på tvers av poliklinikkane.

BUP Sentrum er ein allmenn barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk som held til på Strandkaien midt i Bergen sentrum. Her har vi utsikt til Bryggen og Fløyen, og anløp av hurtigbåtane til Kleppestø, Frekhaug og Knarvik like utanfor døra. Det er kort avstand til bussamband på Torget og til bybanestoppet i Byparken, og heile tilbodet i Bergen sentrum ligg i gåavstand frå poliklinikken.

I BUP Sentrum sitt opptaksområde, som omfattar bydelane Årstad og Bergenhus i Bergen kommune, bur det omkring 12 000 barn og ungdomar. Poliklinikken har om lag 35 tilsette med ulik fagleg bakgrunn, og er inndelt i småbarnsteam og generalistteam. Vi er ein av tre poliklinikkar som har klinikkovergripande tyngdepunktsfunksjonar for spiseforstyrringar, og vi har som einaste poliklinikk i PBU tyngdepunktsfunksjon for sped- og småbarn.

Kven er du?

Vi har ledig fast stilling som psykolog for deg som ønsker å gjere ein skilnad i livet til barn og unge. Du trivst i tverrfagleg team og synest systemarbeid er spennande og viktig. Du trivst og med en travel og fleksibel arbeidshverdag. Du er omgjengeleg og sosial, og opptatt av å bidra til eit arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre og har det godt saman – samtidig som vi leverer fagleg kvalitet. Du trives med å arbeide saman med foreldre og ser verdien av å bygge gode relasjonar, også i komplekse situasjonar. Du møter foreldre med respekt og tryggleik, og opplever samarbeidet som ein viktig og meiningsfull del av behandlinga. Psykologspesialist med relevant arbeidserfaring fra spesialisthelsetjenesten oppfordres til å søkje. 

For stillinga er det krav om dokumentert autorisasjon og særs god meistring av norsk, både skriftleg og munnleg. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Den som får tilbod om tilsetting, må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jf. lov om helsepersonell § 20a.


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing av psykiske lidingar hjå barn 
  • Individuelt tilpassa behandling (individuelt, i gruppe, familiebehandling) 
  • Gje konsultasjon og rettleiing til skular, barnehagar, og til ulike kommunale tenester for barn og unge 
  • Samarbeid med andre delar av spesialisthelsetenesta og 1.linjetenesta 
  • For spesialist: Gje rettleiing til psykologar under spesialisering 

Kvalifikasjonar

  • Godkjend autorisasjon som psykolog i Noreg
  • For spesialist: Det er ønskeleg med spesialisering i barn- og unge
  • Det vil bli lagt stor vekt på tidlegare erfaring frå utgreiing og behandling av psykiske vanskar hos barn og ungdom i spesialisthelsetenesta
  • Erfaring med pasientadministrative verktøy (DIPS) er ein fordel
  • For stillinga er det krav om særs god meistring av norsk, skriftleg og munnleg
  • Du må ha gode organiseringsevner knytt til eigen timeplan og arbeidsoppgåver
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
  • Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a

Personlege eigenskapar

  • Du er trygg i rolla som behandlar (og spesialist) og evner å skape god kontakt med barna og deira pårørande
  • Du trivast i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
  • Du kan jobbe både sjølvstendig og har god samarbeidsevne 
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt arbeidsmiljø 
  • Du har stor arbeidskapasitet og evne til å arbeide strukturert og målretta etter anerkjende faglege prinsippar
  • Du har evne til fleksibilitet i ein varierande kvardag 
  • Det er helt nødvendig med særleg gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Sentrumsnær arbeidsstad 
  • Triveleg arbeidsmiljø, med en aktiv sosialkomité
  • Høgt fagleg nivå 
  • Fagleg og personleg utvikling 
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Mona Park, Seksjonsleiar, 90548538
Lill Jeanette Skaar Lura, Ass. seksjonsleiar, 41862398

Arbeidsstad

Østre Murallmenningen 7
5012 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5113723535
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.05.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Lill Jeanette Skaar Lura

Ass. seksjonsleiar

41862398

Mona Park

Seksjonsleiar

90548538

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a0b1618b-c3e4-4df2-bacc-7d9b43fab05b

Sist endret

16. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

60e0ed7feb184394a62a983d0d341a30

Lignende annonser

Laster lignende annonser