Førsteamanuensis eller universitetslektor (20 % ekstraerverv) i rettsmedisin, Bergen/Stavanger.
Universitetet i Bergen
Jonas Lies vei 87, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- FØRSTEAMANUENSIS ELLER UNIVERSITETSLEKTOR (EKSTRAERVERV) I MEDISIN (RETTSMEDISIN).
- Type ansettelse
- Åremål, deltid 20%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 6. februar
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAFørsteamanuensis eller universitetslektor (20 % ekstraerverv) i medisin (rettsmedisin), Vestlandslegen (Bergen/Stavanger).
Ved Det medisinske fakultet, Universitetet i Bergen, er det ledig ei åremålsstilling som førsteamanuensis (20 % ekstraerverv) i medisin (rettsmedisin) ved Klinisk institutt 1. Stillinga er for fire (4) år frå 2026 etter nærare avtale. Stillinga er knytt til fast relevant hovudstilling som patolog (minimum 50 %) ved Haukeland Universitetssjukehus eller Stavanger Universitetssjukehus. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar som førsteamanuensis, er det aktuelt å tilsetje universitetslektor. Arbeidsstad er Bergen eller Stavanger.
Vi søkjer etter nye kollegaer som saman med tilsette ved institutta vil bidra til framifrå undervisning for medisinstudentane.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Førsteamanuensis:Den som vert tilsett, skal undervise og rettleie studentar, og undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til undervisning av medisinstudentar. I tillegg skal den som vert tilsett i stillinga, drive forsking innan relevant fagområde.
Universitetslektor:Den som vert tilsett, skal undervise og rettleie medisinstudentar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer.
For begge typar stillingar gjeld: Den som vert tilsett, skal undervise studentar i dei studieprogramma som til ei kvar tid pågår ved Fakultetet. Hovudansvaret vil være å koordinere og tilby likeverdig undervisning innan fagområdet rettsmedisin til dei fire studiestadane i medisinarutdanninga på Vestlandet (Bergen, Stavanger, Haugesund, Førde). Det kan og vere aktuelt på gje undervisning i relaterte emne og studieprogram.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Førsteamanuensis:- Søkjar må vere lege (cand.med) og fortrinnsvis ha spesialitet eller være under utdanning i patologi.
- Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse.
- Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.- kandidatar.
- Det er eit ønskje at søkjar har brei og relevant erfaring innan patologi og rettsmedisin, samt stort engasjement og interesse for undervisning.
- Det er eit ønskje at søkjar har undervisnings- og administrativ erfaring, samt erfaring med populærvitskapleg formidling.
- Det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.
Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.
Undervisningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga. Sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Førsteamanuensis som ikkje oppfyller kravet før tilsetjing vil få tilbod om og pliktar å gjennomføre pedagogisk opplæring. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
Universitetslektor:
- Søkjar må vere lege (cand.med) og fortrinnsvis ha spesialitet eller være under utdanning i patologi.
- Det er eit ønskje at søkjar har relevant erfaring innan patologi og rettsmedisin, samt stort engasjement og interesse for undervisning.
- Det er eit ønskje at søkjar har undervisnings- og administrativ erfaring, samt erfaring med populærvitskapleg formidling.
- Det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.
Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.
Vi tilbyr:
- Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
- Førsteamanuensis:
Løn er for tida kr 760 000 - 770 000 (kode 1011), eller løn for
spesialist kr 770 000 - 805 000. Løn er brutto
pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg
kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. - Universitetslektor:
Løn er for tida kr 630 000 – 680 000 (kode 1009) brutto pr. år for ei
fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere
høgare løn. - God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
Søknaden for førsteamanuensis skal ha med:- Søknad som fortel kvifor du søkjer stillinga
- Utfyllande CV samt relevante vitnemål og attestar
- Fullstendig publikasjonsliste
- Pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
- Ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
- Dei 10 vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
- Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar.
Søknaden for universitetslektor skal innehalde:
- Søknad som fortel kvifor du søkjer stillinga
- Utfyllande CV og karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
- Dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse
- Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar
- Dersom du driv forsking legg du og ved: fullstendig publikasjonsliste og vitskaplege arbeid (maks 10) i pdf format.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å vende seg til instituttleiar ved Klinisk institutt 1 professor Christian Vedeler, christian.vedeler@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a0843783-fc12-4cc1-b0f4-03d7f28e0982
- Sist endret
16. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10277547
Lignende annonser
Professor eller førsteamanuensis (100 %) i medisin (immunologi)
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Den høyere påtalemyndighet
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen HF
Sted
Bergen