Hopp til innhold

Sjukepleiar

Arbeidsgiver

Medisinsk sengepost Nordfjord, Helse Førde

Sted

Sjukehusvegen 14, 6770 Nordfjordeid

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Oppstart
1. februar 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Ønskjer du å bu på ein spennande stad med store moglegheiter? Ønskjer du å jobbe på eit lokalsjukehus og få stort fagleg utbytte? 
Er du  sjukepleiar? 
Vi kan hjelpe deg med å få draumen oppfylt!

Om stillinga
Nordfjord sjukehus har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar frå 01.02.2026

Om avdelinga
Medisinsk sengepost er ein heildøgns sengepost med 16 senger, inkludert 3 observasjonssenger. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord og tek imot dei fleste pasientar med behov for akutthjelp frå dette området.

Om Nordfjord sjukehus og lokalmiljøet
Nordfjord sjukehus ligg midt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid er omgitt av vakker natur og er ein triveleg stad å bu. Her finn du gode barnehage- og skuletilbod samt ei rikt fritids- og kulturtilbod. 


Arbeidsoppgåver

  • Mottak og oppfølging av pasientar
  • Administrativt- og tverrfagleg arbeid relatert til pasientoppfølginga
  • Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
  • Gruppeleiarfunksjon
  • Elektronisk pasientdokumentasjon i DIPS og Meona
  • 3 -delt turnus med arbeid kvar tredje helg
  • Moglegheit for langvakter kvar 3.helg / 4.helg etter ulike avtalar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Erfaring frå sjukehus / medisinsk sengepost er ein fordel
  • Erfaring med bruk av DIPS eller Meona er ein fordel
  • Må beherske godt norsk, både skriftleg og munnleg
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert og ansvarsbevisst
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø og ha gode samarbeidsevner
  • Fleksibel og engasjert 
  • Evne til systematisk arbeid
  • Trivast i eit hektisk arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Varierte og spennande oppgåver
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Maria Charlotta Berg Langvik, Seksjonsleiar, (+47) 416 48 264

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 5049487300
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.02.2026
Søknadsfrist: 18.12.2025

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a06a01b1-42c3-4617-8b90-8f4ff24f0d3c

Sist endret

19. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

ae78ee27187146119f0502cdb6193538

Lignende annonser

Arbeidsgiver

f.t. ved Open omsorg indre, Bremanger kommune

Sted

Svelgen

Arbeidsgiver

Heimetenesta, Gloppen kommune

Sted

Sandane

Ferievikarar sommaren 2026 - Helse og omsorg

Arbeidsgiver

HELSE OG OMSORG, Stad kommune

Sted

Nordfjordeid, Selje, Stadlandet