Hopp til innhold

Einingsleiar for Spira, barne og familieeininga i Ulvik

Arbeidsgiver

Ulvik herad

Sted

5730 Ulvik

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Prosjektleiar inntil 40% stilling - frivilligsentral i Ulvik
Type ansettelse
Annet, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Prosjektleiar inntil 40% stilling - frivilligsentral i Ulvik

Ulvik herad søkjer etter ein motivert og sjølvstendig person til eit kortvarig men spennande prosjekt.

 

Søknadsfrist: 22.02.2026

Hausten 2025 vedtok Ulvik heradsstyre finansiering til eit etableringsprosjekt for frivilligsentral i Ulvik. Målet med prosjektet er å planlegge organisering av frivilligsentralen i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar i Ulvik, og søke finansiering frå nasjonal tilskotsordning. Etableringsprosjektet skal vere ferdig i løpet av våren 2026. Dersom prosjektet lukkast vil første driftsår for frivilligsentralen vere frå og med 2027. 

Kommunedirektøren si leiargruppe er styringsgruppe for prosjektet. 

Oppgåver
Du må kunne planlegge og gjennomføre heile etableringsprojektet. Det er særskilte krav til organisering av frivilligsentral som prosjektet må ta stilling til, og som du må sikre at blir oppfylt. 
Du må sjølv kunne syte for at naudsynte oppgåver for å nå målsetjinga med prosjektet blir utført. Dette vil primært vere administrative oppgåver som til dømes møteinnkallingar, referat, dialog med relevante aktørar. 

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
Me ser etter ein person som er sjølvstendig og likar få ting gjort. Du må ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne og du må kunne setje deg inn i relevant regelverk. Det er eit sterkt ynskje og eit føremon at du har god kjennskap til lokale lag og organisasjonar i Ulvik herad. 

Me kan tilby
Spennande og viktig prosjektstilling. 
Godt arbeidsmiljø.
Telefon og PC. 

Søknad og kontakt
Har du ynskje om at søknaden vert unnateke offentlegheit må dette grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Du vert varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge. Politiattest jf. Helse- og omsorgstenestelova § 5-4 må leggast fram ved tilsetting.
Tilsetjing vil skje på dei vilkår og med dei plikter som føl av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtaler.

Om bedriften

Ulvik herad ligg ved Hardangerfjorden og er omkransa av flotte skog- og fjellområde som innbyr til tur- og friluftsliv heile året. I tillegg er det eit yrande badeliv om sommaren. Me har eit aktivt idretts- og kulturliv, med flotte anlegg for leik og idrett både sommar og vinter. Kulturlivet i bygda blømer med Poesifestival, lyden av Ulvik, Sommarfestival, blueshelg, Finsejazz og mykje meir! For meir informasjon,  besøk  www.visitulvik.no 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a04c2095-85f9-4619-ac98-5215365518a7

Sist endret

10. februar 2026

Hentet fra

AMEDIA

Referanse

4555843

Lignende annonser

Fagarbeidar og/eller assistent

Arbeidsgiver

Voss herad Skulestad skule

Sted

Skulestadmo