Hopp til innhold

Vernepleiar/miljøterapeut i barneavlastinga

Arbeidsgiver

Meistring og psykisk helse, Stad kommune

Sted

Myroldhaugvegen 43, 6770 Nordfjordeid

Om jobben

Stillingstittel
Vernepleiar/miljøterapeut i barneavlastinga
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. november

Søkjer du spennande utfordringar og eit godt fagmiljø i eit spennande tiltak, så kan dette vere stillinga for deg!

Barneavlastinga har ledig ei 100 % fast stilling som vernepleiar/miljøterapeut frå 01.01.2027. Avdelinga er ein del av eininga Meistring og psykisk helse.

Stillinga er inkludert 20 % frie timar. Turnusen er lagt opp med langvakter knytt til eit tiltak med 2:1 bemanning og vakter i Barneavlastinga. Arbeidshelg kvar fjerde helg med langvakter.

Barneavlastinga gjev eit avlastingstilbod for familiar som har eit tyngande omsorgsbehov for sine barn. Barna har ulike behov for oppfølging og bistand. I avdelinga arbeider ein tett på barna gjennom miljøterapeutiske tiltak og individuelt tilpassa oppfølging. Som tilsett er du med på å skape tryggleik, meistring og gode dagar for barna. Stillinga krev at ein kan arbeide sjølvstendig, samtidig som du trivast med tett samarbeid i team. Arbeidsoppgåvene og arbeidsdagane er mange og varierte, og godt samarbeid er ein viktig faktor for både kvaliteten på tenestene og arbeidsmiljøet vårt. 

Stillinga må sjåast i samanheng med pågåande interne prosessar i organisasjonen. Det blir derfor teke atterhald om at stillinga kan bli fylt gjennom intern tilsetjing.


Arbeidsoppgåver

  • Vernepleiefaglege og/eller miljøterapeutiske oppgåver, miljøterapi, omsorg og behandling
  • Ansvar for det faglege rundt barn og ungdom 
  • Skape ein god heim
  • Kartlegge og vurdere behov
  • Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
  • Tverrfagleg samarbeid og arbeid i team
  • Følgje opp miljøterapeutiske tiltak
  • Utføre brukarretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav
  • Oppfølging og dokumentasjon i pasientjournal 
  • Tverrfagleg samarbeid

    Kvalifikasjonar

    • Vernepleiar: Vernepleiar med autorisasjon 
    • Miljøterapeut: Treårig helsefagleg, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå 
    • I tillegg er det ønskeleg med relevant vidareutdanning knytt til barn og unge og/eller psykisk helse
    • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
    • Aktuelle kandidatar må ha førarkort

      Personlege eigenskapar

      • Gode kommunikasjonsevner
      • Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell - og sosial bakgrunn og med ulike livssyn.
      • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
      • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
      • Tek initiativ og ansvar
      • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
      • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde

      Vi tilbyr

      • Høve til eigenutvikling gjennom rettleiing og kurs
      • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
      • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
      • Gode pensjons- og forsikringsordningar
      • Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt

      Vi ber om at vitnemål, attestar og referansar vert lasta opp saman med søknaden.

      Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga

      Stad kommune har 6 månader prøvetid. 

      Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

      Dersom du har spørsmål om stillingane kan du kontakte avdelingsleiar Stine Takle Piel tlf 41457801

      Kontaktinformasjon

      Stine Takle Piel, Avdelingsleiar barnebustad, 41457801, stine.takle.piel@stad.kommune.no

      Arbeidsstad

      Myroldhaugvegen 43
      6770 Nordfjordeid

      Nøkkelinformasjon:

      Arbeidsgivar: Stad kommune

      Referansenr.: 5195200500
      Stillingsprosent: 100%
      Fast
      Søknadsfrist: 15.11.2026

      Kontaktperson for stillingen

      Stine Takle Piel

      Avdelingsleiar barnebustad

      41457801

      stine.takle.piel@stad.kommune.no

      Om bedriften

      Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

      www.nordfjord.no/stad

      www.hjartestad.no

      Sektor

      Offentlig

      Del annonsen

      Annonsedata

      Rapporter annonse
      Stillingsnummer

      a02dd381-f44e-4b38-9bec-48990d62068c

      Sist endret

      26. oktober 2026

      Hentet fra

      talentech

      Referanse

      f338cfe8442645e9b3705d713faa1b83

      Lignende annonser

      Laster lignende annonser