Hopp til innhold

Sjukepleiar/ vernepleiar

Arbeidsgiver

Seksjon døgn, Nordfjord psykiatrisenter

Sted

Sjukehusvegen 9, 6770 Nordfjordeid

Om jobben

Oppstart
11. januar 2027
Stillingstittel
Miljøterapeut
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus

Søk på jobben

Søk senest søndag 29. november

Vil du vere med og styrke den psykiske helsa i Nordfjord?

Er du ein person som brenn for å gjere ein forskjell i menneske sine liv – spesielt når livet er som vanskelegast? Ønskjer du å bidra til at folk opplever respekt, likeverd, medverknad og omsorg i møte med psykiske utfordringar? Då kan dette vere akkurat den jobben du har venta på!

Seksjon Døgn har ledig 100 % fast stilling for sjukepleiar eller vernepleiar frå 01.02.2027. 

Vi har 12 sengeplassar og eit tverrfagleg team på om lag 30 tilsette. Teamet består av psykologspesialist, overlege, klinisk sosionom, lege i spesialisering, vernepleiar, sjukepleiar, barnevernspedagog, sosionom, helsefagarbeidar, erfaringskonsulent, musikkterapeut og helsesportspedagog. Stillinga inneber tredelt turnus inkludert arbeid på natt. Arbeid kvar tredje helg, eller moglegheit for arbeid kvar fjerde helg med lange vakter.

Hjå oss får du:
  • Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
  • Moglegheit til å påverke og utvikle tilbodet til pasientane
  • Ein variert arbeidskvardag med pasientnært arbeid
  • Ein meiningsfull arbeidskvardag der du gjer ein forskjell

Les meir om Nordfjord psykiatrisenter her.


Vi tilbyr

  • God opplæring
  • Jobb saman med dedikerte og dyktige medarbeidarar
  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver
  • Interne fagdagar og undervisning for fagleg og personleg utvikling
  • Fokus på eit triveleg og trygt arbeidsmiljø til det beste for oss og pasientane
  • Fleksibilitet til å kunne ta initiativ og påvirke eigen arbeidskvardag
  • Vidareutdanning i psykisk helse og rusarbeid

Arbeidsoppgåver

  • Ta vare på og gje behandling til menneske som er i døgnopphald, i samsvar med pasienten sin behandlingsplan
  • Involvere pårørande i behandlinga til deira nære
  • Kome med faglege innspel for å utvikle tenestene våre til det beste for pasientane
  • Delta i miljøterapeutiske aktivitetar som til dømes turar, trening, buldring, musikkterapi og sosiale aktivitetar
  • Samarbeid med kommunehelsetenesta, NAV og andre tenesteytarar 

Personlege eigenskapar

  • Evne til å møte pasientar med respekt og eit ope sinn
  • Evne til å skape gode relasjonar
  • Evne til å arbeide målretta og vere løysingsorientert
  • Ønskje om fagleg utvikling
  • Trivst med å jobbe i tverrfagleg team
  • Oppteken av å bidra til eit godt arbeidsmiljø og har gode samarbeidsevner
  • Gode kommunikasjonsevner

Personlege eigenskapar vert i stor grad vektlagde.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar
  • Interesse for fagfeltet
  • Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
  • Må beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Synnøve Merethe Johnsen, Seksjonsleiar, 57 86 43 35

Arbeidssted

Sjukehusvegen 9
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5201865716
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 11.01.2027
Søknadsfrist: 29.11.2026

Kontaktperson for stillingen

Synnøve Merethe Johnsen

Seksjonsleiar

57 86 43 35

Om bedriften

Helse Førde HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider aktivt med pasienttryggleik, brukarmedverknad og leiarutvikling. Vi har sjukehus og psykiatriske institusjonar lokalisert i seks kommunar samt driftar ambulansetenesta. Talet på tilsette er om lag 3000 medan budsjettet er på 2,9 milliardar kroner. Helse Førde er organisert i fire klinikkar med føretaksadministrasjon lokalisert i Førde. Helse Førde er eigd av Helse Vest RHF.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0898df89-f5de-4a52-a615-cd09e9948073

Sist endret

10. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

83eb244b71ea47f0b833093aeb888690

Lignende annonser

Laster lignende annonser