Hopp til innhold

Miljøterapeut og fagarbeidar i barneavlastinga

Arbeidsgiver

Meistring og psykisk helse, Stad kommune

Sted

6770 Nordfjordeid

Om jobben

Stillingstittel
Miljøterapeut og fagarbeidar i barneavlastinga
Type ansettelse
Vikariat, heltid og deltid
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 29. november

Ønskjer du ein meiningsfull og variert arbeidskvardag med faglege utfordringar og gode kollegaer? Då kan dette vere stillinga for deg!
Barneavlastinga i Stad kommune har ledig to vikariat:

60 % vikariat som miljøterapeut i barnebustad med oppstart snarast, til 30. januar 2028

100 % vikariat som fagarbeidar i barneavlastinga, med oppstart i januar 2027, til 27. februar 2028

Barneavlastinga er ein del av eininga Meistring og psykisk helse og gjev avlastingstilbod til familiar med særleg tyngjande omsorgsoppgåver. Barna og ungdomane som nyttar tilbodet, har ulike behov for omsorg, støtte, oppfølging og tilrettelegging. Avdelinga har også ansvar for eit individuelt tilrettelagt tiltak med 2:1-bemanning.
Hos oss får du arbeide tett på barn og unge og bidra til eit trygt og godt omsorgs- og bumiljø, med fokus på meistring, utvikling og gode opplevingar i kvardagen. Vi har eit godt fagmiljø der samarbeid, engasjement og kvalitet i tenestene står sentralt.

60 % vikariat - miljøterapeut
Turnusen er lagt opp med langvakter knytte til eit individuelt tilrettelagt tiltak med 2:1-bemanning, i tillegg til vakter i Barneavlastinga. Det er arbeidshelg kvar fjerde helg, med langvakter.

100 % vikariat – barne- og ungdomsarbeidar
Turnusen er lagt opp med seinvakter, langvakter og nattevakter i barneavlastinga. Det er arbeidshelg kvar fjerde helg, med langvakter.

Begge stillingane inkluderer 20 % frie timar. Dette inneber at ein del av arbeidstida ikkje er fastsett i den ordinære turnusen, men blir disponert etter nærare avtale og behov i avdelinga.

Vi ser etter deg som er engasjert, omsorgsfull og ønskjer å gjere ein skilnad i kvardagen til barn og unge. Du må kunne arbeide sjølvstendig, ta ansvar og samstundes trivast med tett samarbeid med kollegaer.

Spesifiser i søknaden kva stilling du søkjer på.


Arbeidsoppgåver

  • Miljøterapi, omsorg og behandling. 
  • Bidra til eit trygt og godt omsorgs- og bumiljø for barna og ungdommane.
  • Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer.
  • Tverrfagleg samarbeid og arbeid i team.
  • Utføre brukarretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav.
  • Tverrfagleg samarbeid.

For miljøterapeut gjeld også:

  • Primæransvar.
  • Ansvar for det faglege rundt barn og ungdom.
  • Kartlegge og vurdere behov.
  • Følgje opp miljøterapeutiske tiltak.

Kvalifikasjonar

Miljøterapeut:
  • Treårig helsefagleg, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå. 
  • I tillegg er det ønskeleg med relevant vidareutdanning knytt til barn og unge og/eller psykisk helse. 
  • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg. 
  • Aktuelle kandidatar må ha førarkort. 
Fagarbeidar:
  • Fagbrev som barne og ungdomsarbeidar. Søkjarar med anna relevant fagbrev kan også søkje. 
  • I tillegg er det ønskeleg med relevant erfaring knytt til barn og unge og/eller psykisk helse.
  • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg. 
  • Aktuelle kandidatar må ha førarkort. 

    Personlege eigenskapar

    • Gode kommunikasjonsevner. 
    • Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell - og sosial bakgrunn og med ulike livssyn.
    • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver.
    • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid.
    • Tek initiativ og ansvar.
    • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre.
    • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

    Vi tilbyr

    • Høve til eigenutvikling gjennom rettleiing og kurs
    • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
    • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar

    Vi ber om at vitnemål, attestar og referansar vert lasta opp saman med søknaden.

    Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga

    Stad kommune har 6 månader prøvetid. 

    Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

    Dersom du har spørsmål om stillingane kan du kontakte avdelingsleiar Stine Takle Piel tlf 41457801

    Kontaktinformasjon

    Stine Takle Piel, Avdelingsleiar barnebustad, 41457801, stine.takle.piel@stad.kommune.no

    Arbeidsstad


    6770 Nordfjordeid

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Stad kommune

    Referansenr.: 5203118435
    Stillingsprosent: 100, 60%
    Vikar
    Søknadsfrist: 29.11.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Stine Takle Piel

    Avdelingsleiar barnebustad

    41457801

    stine.takle.piel@stad.kommune.no

    Om bedriften

    Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

    www.nordfjord.no/stad

    www.hjartestad.no

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    758b94db-68ef-400c-88a2-0f16dfe76f51

    Sist endret

    13. november 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    e9d020a6b6c84352b211deb77ec82c4a

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser