Rådgiver økonomistyring
Økonomistyring, Helse Møre og Romsdal HF
Julsundvegen 47B, 6412 Molde
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgiver økonomistyring
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 17. juni
Er du ein kunnskapsrik og engasjert økonom som har lyst på ein spennande jobb med mange utviklingsmoglegheiter?
Om du er nyutdanna eller erfaren, kan du vere akkurat den vi ser etter.
Helse Møre og Romsdal er ein av dei største arbeidsgivarane i fylket, med eit driftsbudsjett på om lag 10 milliardar kroner. Økonomiavdelinga har eit sterkt og godt fagmiljø med rundt 50 tilsette, og er eitt av dei største økonomimiljøa i fylket. Fleire i avdelinga har brei erfaring med helseøkonomi, kombinert med verdifull kompetanse frå privat næringsliv. Vi er organiserte i fire seksjonar med ansvar for lønn og rekneskap, innkjøp og logistikk, analyse og økonomistyring.
Vi er no på jakt etter å styrke seksjon for økonomistyring som per i dag har 10 tilsette. Dei har hovudansvar for budsjettering, rapportering og økonomistyring, og jobber tett saman i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, samt tett på leiarar i foretaket.
Det er ein fordel om du har erfaring med økonomistyring i større komplekse organisasjoner, og gjerne også erfaring som controller slik at du kan bidra til å utvikle seksjonen. Som rådgiver i økonomistyring er du ein sentral ressurs for leiinga av ein klinikk, både i oppfølgingen av dagleg drift, men også når det gjeld viktige strategiske beslutningar og retningsvalg for klinikken og foretaket. I tillegg vil du få ansvar for andre tverrgåande og overordna økonomioppgåver – dette vil vi tilpasse etter kva slags kompetanse du allerede har eller kva slags interesser og utfordringer du sjølv jaktar på.
Økonomiavdelinga har tilsette både i Molde og Ålesund og arbeidsstad kan vere begge stader. Du må påregne noko reising internt i fylket i denne jobben. Vi oppmodar nyutdanna med mastergrad til å søke.
Arbeidsoppgåver
- Leiarstøtte og rådgivning på økonomiområdet
- Budsjett- rapportering og prognosearbeid
- Utarbeide månedsrapporter og presentasjonar
- Utarbeide beslutningsgrunnlag og analyser
- Bidra til kompetanseutvikling av leiarar innanfor økonomiområdet
- Andre controller oppgåver
Kvalifikasjonar
- Du har relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå
- Du har gode digitale ferdigheiter og evne til å ta i bruk nye system
- Gode excelkunnskaper er ei forutsetning.
- Det er ønskeleg at du har erfaring med økonomioppfølging og økonomistyring
- Du har gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er analytisk, strukturert og ryddig
- Du er nøyaktig og opptatt av å levere kvalitet
- Du evner å jobbe både i team og sjølvstendig
- Du utfordrar og opptrer støttande på same tid
- Du bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Å vere personleg egna vil bli vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Gode mogleheiter for fagleg og personleg utvikling
- Ein jobb som gir meining og bidreg til å skape verdi i samfunnet
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attester og vitnemål blir lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Kontaktinformasjon
Eivind Monsås, Økonomisjef, +47 99504575Arbeidsstad
Julsundvegen 47B6412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5136563385
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Eivind Monsås
Økonomisjef
+47 99504575
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a02369be-3d3c-43c9-a989-9fdda679343e
- Sist endret
29. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2c7972ab4ce54a62a46a7283ebc4b09e