Rådgivar inntak
Inntak, Møre og Romsdal fylkeskommune
Julsundvegen 9, 6412 Molde
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgivar inntak
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest fredag 27. november
Vil du vere med og forme framtidas vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal?
Vi søker ein engasjert og utviklingsorientert medarbeidar til ei fast 100% stilling ved seksjon for inntak i kompetanse- og næringsavdelinga. Hos oss får du vere med på å forme framtidas vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal og bidra til utviklinga av opplæringstilboda i fylket.
Du blir ein del av eit kompetent og inkluderande fagmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling og samarbeid på tvers.
Arbeidsoppgåver
Du vil mellom anna jobbe med:
- saksbehandling knytt til inntak til vidaregåande opplæring, inkludert vurdering av søkarrettar og godkjenning av utanlandsk utdanning
- rettleiing og informasjonsarbeid overfor søkarar, føresette, skolar og samarbeidspartar
- arbeid med regelverk, faglege vurderingar og vidareutvikling av rutinar og arbeidsprosessar
- planlegging og koordinering av opplæringstilbod i samarbeid med kommunar, skolar og andre relevante aktørar
Andre oppgåver kan bli aktuelle.
Kvalifikasjonar
- høgare relevant utdanning på masternivå. Kandidatar med bachelorgrad og relevant erfaring kan vurderast, men da til stillingstype spesialkonsulent
- erfaring med saksbehandling og forvaltningsarbeid, gjerne fra opplærings- eller utdanningssektoren
- erfaring med å tolke og nytte lov- og regelverk i praktisk arbeid
- god skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk
Det er ein fordel om du har
- erfaring frå arbeid med inntak til vidaregåande opplæring
- erfaring med vurdering og godkjenning av utanlandsk utdanning
- kjennskap til opplæringslova og tilhøyrande regelverk
- erfaring med arbeid i offentleg sektor
Personlege eigenskapar
For å lukkast i stillinga tror vi du:
- trivast i samarbeid med andre og er god til å utvikle relasjonar og nettverk
- kommunisere godt og evner å tilpasse informasjon til ulike målgrupper
- har eit kritisk blikk på etablerte arbeidsmåter og kan bidra til forbetring og omstilling
- trivast med varierte arbeidsdagar og periodar med høgt arbeidstempo
- likar å ta initiativ og bidrar til kunnskapsdeling
Vi tilbyr
- ei spennande og meiningsfull stilling i eit sterkt fagmiljø
- eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer
- god moglegheiter for faglege nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Maria Enstad, Seksjonsleder inntak , +4799511076, maria.enstad@mrfylke.noArbeidsstad
Julsundvegen 96412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5190473841
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.11.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker medarbeidarar som tar ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast mennesker med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er opptatt av mangfald, og vi oppfordrar alle som er kvalifisert i tråd med stillingas krav, til å søke hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidatar som får tilbod om stilling.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønsker konfidensiell behandling, gjer vi merksam på følgande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling. Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Kompetanse- og næringsavdelinga arbeider for berekraftig vekst og nyskaping i næringsliv og kommunar, og har ansvaret for vidaregåande opplæring og fagskolen i Møre og Romsdal. Det er i dag ein fagskole, 20 vidaregåande skolar og om lag 1600 godkjende lærebedrifter som gir tilbod innanfor ulike utdanningsprogram, fag og bransjar. Det er vel 80 tilsette på avdelinga. Stillinga ligg på seksjon inntak. Kontorstad er på Fylkeshuset i Molde.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d518620e-9d5d-426c-a952-7d4fa716cd9a
- Sist endret
10. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
586a12b2b02244a394a60e1c80b1925f