Hopp til innhold

Rådgivar opplæring i bedrift

Arbeidsgiver

Opplæring i bedrift, Møre og Romsdal fylkeskommune

Sted

Julsundvegen 9, 6412 Molde

Om jobben

Stillingstittel
Rådgivar opplæring i bedrift
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. november

Vil du bidra til å utvikle morgondagens fagarbeidarar? Vi ser etter deg som liker å bygge gode relasjonar, ser moglegheiter og skaper smarte løysingar i samarbeid med andre

Hos oss får du ei meiningsfull stilling med gode moglegheiter for fagleg utvikling. Du blir ein del av eit engasjert fagmiljø og eit viktig samfunnsoppdrag, der du bidreg til at ungdom og vaksne fullfører fagopplæringa si og lykkast i arbeidslivet.

Gjennom arbeidet er du med på å sikre næringsliv og offentlege verksemder den kompetansen dei treng, både i dag og i framtida.


Arbeidsoppgåver

Fagopplæringssystemet er i endring der fullføringsreformen og store statlege satsingar på yrkesfag vil gi ei spennande utvikling framover. Vi treng deg som ser nye moglegheiter og utviklar arbeidsmåtar som styrker evna vår til å løyse samfunnsoppdraget vårt.

Du vil arbeide med å vidareutvikle nettverk og samarbeid med skole og arbeidsliv, slik at du kan hjelpe oss med å bidra til at fleire gjennomfører vidaregåande opplæring. Ein viktig del av dette er å rettleie lærlingar, lærebedrifter og prøvenemnder, både i saksbehandling av enkeltsaker og i gjennomføring av kurs og samlingar.

Oppgåvene i stillinga kan bli endra.

Kvalifikasjonar

Vi søkar deg som har
  • høgare relevant utdanning på masternivå. Kandidatar med bachelorgrad eller høgare yrkesfagleg utdanning med relevant erfaring kan vurderast, men da til stillingstype spesialkonsulent og konsulent. 
  • relevant erfaring, helst frå vidaregåande opplæring og/eller frå næringslivet i Møre og Romsdal
  • gjerne erfaring frå prosessarbeid eller prosjektutvikling
  • god skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk

Personlege eigenskapar

Vi vil også legge stor vekt på at du
  • er god på å kommunisere og skape relasjonar
  • kan samarbeide for å oppnå resultat
  • kan ta i bruk nye metodar og drive prosessar framover
  • tek initiativ og arbeider sjølvstendig, systematisk og målretta
  • er komfortabel med å representere eksternt og halde presentasjonar/foredrag

Vi tilbyr

Opplæring i bedrift har det overordna administrative ansvaret for alle lærlinger, lærebedrifter og prøvenemnder, og alt som høyrer inn under desse områda. Vi kan tilby deg meiningsfullt arbeid, der du får bidra til at fleire ungdommar og vaksne får fullført utdanning på ein god måte. Du får arbeide saman med våre engasjerte kollegaer i eit sterkt fagmiljø med rom for nytenking. Du kan i stor grad planlegge eigen arbeidskvardag, og vi gir deg moglegheit for kompetanseutvikling.

Som ein del av oss får du offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår gjennom medlemskap i KLP, og løn etter avtale.

Kontorstad er i Molde. 

Kontaktinformasjon

Målfrid Nesje, Seksjonsleiar opplæring i bedrift , 90640200, malfrid.nesje@mrfylke.no
Hilde Aspås, Næringssjef, 97715135, hilde.aspaas@mrfylke.no

Arbeidsstad

Julsundvegen 9
6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5182409633
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Hilde Aspås

Næringssjef

97715135

hilde.aspaas@mrfylke.no

Målfrid Nesje

Seksjonsleiar opplæring i bedrift

90640200

malfrid.nesje@mrfylke.no

Om bedriften

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.

Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.

Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.

Lenke til --> Kompetanse- og næringsområdet (mrfylke.no)

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6e893323-dc19-4d04-b78e-6d6eb2ea7a8b

Sist endret

26. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

c8f638c12df446d0b0ac286e4502714a

Lignende annonser

Laster lignende annonser