Politibetjent 3/2/1 med funksjon som fleirkildeanalytikar
Vest politidistrikt
Krokatjønnveien 15, 5147 Fyllingsdalen
Om jobben
- Stillingstittel
- Politibetjent 3/2/1 med funksjon som fleirkildeanalytikar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. august
Om stillinga
I Vest politidistrikt, for tida ved geografisk driftseining Bergen, Askøy og Øygarden, tjenesteeining Bergen vest politistasjonsdistrikt, avsnitt for etterretning og koordinerande førebyggjing, er det ei ledig stilling som politibetjent 3/2/1 med funksjon som fleirkjeldeanalytikar. GDE Bergen, Askøy og Øygarden er organisert i fem politistasjonsdistrikt: Bergen sør, Bergen vest, Bergen sentrum og Askøy og Øygarden.
Stillinga er plassert ved Bergen vest politistasjonsdistrikt, under avsnitt for etterretning og koordinerande førebyggjing. Stillinga har ansvar for å delta i analyseprosessar i heile GDE Bergen, Askøy og Øygarden, samstundes som stillinga har ansvar for å utarbeide og presentere etterretningsprodukt. Stillinga samhandlar tett med dei andre funksjonane ved avsnittet.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi er ser etter ein motivert medarbeidar med engasjement for etterretningsfaget. Du må ha analytiske evner, og kunne blant annet sammenstille, bearbeide og analysere informasjon til etterretningsprodukter. Vi ser etter deg som har evne til å arbeide sjølvstendig, samstundes som du samhandlar godt med kollegaer. Det vektleggjast at medarbeidarar i stillinga må vere komfortabel med å presentera ulike produkt for leiargruppa og andre på bestilling. Som medarbeidar vil du samhandle tett med kollegaer i andre etterretningsmiljø, både lokalt, sentralt og eksternt. Vi ser etter deg som evner å arbeide under tidspress og trives i ein hektisk arbeidskvardag.
Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping og som tenkjer førebyggjing som primærstrategi. Vi stiller høge krav til arbeidsmoral, motivasjon og etisk integritet.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit hos publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Innhente, omarbeide og analysere informasjon på ein- og fleirkjelde-nivå
- Gjennomføre oppdragsanalyse, og ha oppdragsdialog med beslutningstakarar
- Vere i stand til å tenkje førebyggjing som primærstrategi for kriminalitetsnedkjemping
- Utarbeide samanstillinger/ analyseprodukt
- Bidra til å beskytte politidistriktets informasjon, materiell og objekt
- Utføre kvalitetskontroll av informasjons- og etterretningsprodukt
- Delta i avsnittet sine arbeidsoppgaver i oppsatt struktur
- Vurdere forventet utvikling og konsekvens
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Vitnemål fra politiskule/ politihøgskule. Vedlagt karakterskjema skal fyllast ut og leggjast ved søknaden
- Søkjarar til stilling som politibetjent 2 eller 3 må tilfredsstille gjeldande kompetansekrav for desse stillingane
- God kunnskap om dataverktøy og spesielt datasystema til politiet
- God skriftleg og munnleg formuleringsevne
- Erfaring frå bruk av Indicia prosjektmodul
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering i forkant av eventuelt intervju.
Det er også ønskjeleg med:
- Erfaring innanfor etterretningsfaget eller analysearbeid
- Relevant videreutdanning innan etterretning og/eller operativ krimanalyse blir vektlagt
- Kunnskap om førebyggjande politiarbeid blir vektlagt
- Erfaring frå prosjektarbeid er ein fordel
- Språkkompetanse utover engelsk er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Samarbeidsvillig
- Evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk
- Evne til å identifisere, analysere og leggje fram informasjon på ein forståeleg måte
- Gode samarbeidsevner og evne til heilskapstenking og -handling
- Gode evner innan kommunikasjon og relasjonsbygging
- Gode analytiske evner med bevissthet rundt kognitive bias
- Ynskjer fagleg utvikling og bidrar til kunnskapsdeling
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Stillinga vert lønna som politibetjent 3/2/1 (stillingskode 1461/1459/1457) med funksjon som fleirkildeanalytikar med årslønn:
- politibetjent 3/ SKO 1461: frå kr 630 000.- brutto per år. For politibetjent 3 kommer etterforskartillegg etter gjeldende reglar i tillegg.
- politibetjent 2/ SKO 1459: frå kr 540 000.- brutto per år
- politibetjent 1/ SKO 1457: frå kr 510 000.- brutto per år
- Vidare lønnsutvikling vil skje i samsvar med hovudtariffavtalane i staten.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme framtidas polititenester
- Vest politidistrikt er ei IA-versemd
- Bedriftshelseteneste
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktpersoner for stillingen
Susanne Rio Edvardsen
Fungerende politistasjonssjef Bergen vest
+47 40 49 46 20
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 38 kommuner i Vestland fylke, med til sammen 609 000 innbyggere. Distriktet følger ikke fylkesgrensene helt – kommunene Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio tilhører Sør-Vest politidistrikt.
Politidistriktet har om lag 1300 ansatte, med politimester Ane Kvaal som øverste leder. Politimesteren har sitt kontor i Bergen, hvor også felles operasjonssentral er lokalisert.Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a0108a69-c28e-403a-bafe-5d36f8d8c3ba
- Sist endret
29. juni 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10301699