Lege i spesialisering 2/3 i patologi
Laboratorieklinikken, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Lege i spesialisering 2/3 (dagtidsarbeid)
- Oppstart
- 2. mars 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Skandinavisk
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 28. januar
Vi har ledig tre faste stillingar for lege i spesialisering (LIS) 2/3. Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til legespesialist.
Stillingane er ledige frå 01.03.2026, men det er mogleg med fleksibel oppstart etter nærare avtale. LIS1 med interesse for patologi som er ferdige i løpet av vinteren, blir oppmoda til å søkje.
Kunne du tenkje deg spesialisering i eit paraklinisk fag? Patologi er ei kjerneverksemd i diagnostikk av kreft og annan sjukdom, og faget er i rask utvikling. Arbeidsdagane er varierte, og LIS ved avdelinga arbeider tett saman med andre tilsette, inkludert både LIS og overlegar. Det er ei bratt læringskurve, men samstundes trygt å vere ny hos oss.
Arbeidstida er måndag til fredag kl. 08.00–16.00, med noko fleksibilitet. Jobb som LIS 2/3 let seg såleis godt kombinere med både familieliv og fritidsaktivitetar.
LIS følgjer utdanningsprogrammet for spesialistutdanning i patologi.
Avdelinga har omfattande diagnostiske funksjonar og dekkjer alle fagområde innan patologi, inkludert nyrepatologi, nevropatologi, oralpatologi og molekylærpatologi. Avdelinga gjer diagnostikk på om lag 60 000 biopsiar og 65 000 cytologiske prøvar kvart år. Det blir utført rundt 60 000 immunhistokjemiske undersøkingar og om lag 350 obduksjonar årleg. I 2025 overtok avdelinga ansvaret for rettsmedisin frå Universitetet i Bergen.
Dette er ei framtidsretta avdeling der store delar av diagnostikken no er digital. Vi arbeider kontinuerleg med innføring av nye metodar og ny teknologi, mellom anna innan kreftgenomikk.
Avdelinga har i overkant av 120 tilsette, med 30 overlegar og 13 LIS-stillingar. Vi er heldige som har engasjerte og trivelege medarbeidarar, og vi søkjer etter nye kollegaer som vil trivast i eit hektisk og spennande arbeidsmiljø. Her vil du få ei viktig rolle og høve til å vere i kontinuerleg utvikling. Vi ser etter deg som arbeider målretta og set fagleg kvalitet høgt. Fleire av overlegane har bistilling ved Universitetet i Bergen, og det er eit tett samarbeid med tilsette ved universitetet.
Er du nysgjerrig på stillinga og ønskjer meir informasjon, kan du ta kontakt med leiar Torill Myklestad Barrett (torill.myklestad.barrett@helse-bergen.no) eller tillitsvald for LIS i avdelinga, Tonje Koldal Opsal (tonje.koldal.opsal@helse-bergen.no).
Arbeidsoppgåver
- Den som blir tilsett skal delta i rutineoppgåver ved avdelinga; makroskopisk undersøking av operasjonspreparat, histologisk undersøking med tilhøyrande spesialundersøkingar, frysesnitt, cytologisk diagnostikk og obduksjon, samt aktiv deltaking i avdelinga sitt internundervisningsprogram. Det vil på sikt vere mogleg å arbeide innan rettsmedisin, og dersom dette er av spesiell interesse ber vi om at søkar oppgjer dette
- Ved tilsetjing vil personlege eigenskapar bli vektlagd
Ein typisk arbeidsdag for LIS2/3 inneber makroskopisk undersøking av operasjonspreparat frå klokka 08.30 til 12.00. Arbeidet vert utført i samarbeid med to andre LIS2/3. Frå klokka 12.00 til 12.30 er det felles lunsj med LIS-gruppa, etterfølgd av ein halvtime med LIS-undervisning. Etter lunsj står biopsidiagnostikk på programmet. Først vurderer ein biopsiane på eiga hand, deretter i fellesskap med overlege. Biopsiane vert drøfta, og ein kjem fram til kva som er den rette diagnosen, kva som skal stå i rapporten, og eventuelt kva vidare undersøkingar som er nødvendige.
Det er viktig for oss at LIS-legeane trivst både i avdelinga og i kollegiet. Vi har etablert ei fadderordning for nye LIS-legar, og LIS-gruppa arrangerer fleire sosiale samvær gjennom året for dei som ønskjer å delta.
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS-2/3 stilling i patologi
- Må kunne kommunisere godt på skandinavisk språk skriftleg og munnleg, tilsvarande Søkar som har eit anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråkleg vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsk test på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggas søknaden
- Det vil bli lagt vekt på erfaring frå patologifaget og relevant forskingserfaring
- Erfaring frå klinisk verksemd kan vere nyttig
Personlege eigenskapar
- Interesse for dei medisinske basisfaga anatomi, histologi, fysiologi, biokjemi og molekylærbiologi
- Stor vilje til å tileigne seg teoretisk og praktisk kunnskap
- God formidlingsevne, skriftleg og munnleg
- Gode samarbeidsevner
- Kunne arbeide ansvarleg, nøyaktig, effektivt, etterretteleg og sjølvstendig
Vi tilbyr
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
- Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
- Høgt fagleg nivå
- Gode moglegheiter til forsking og utviklingsarbeid
- Ein viktig og interessant jobb i norsk helsevesen
- Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande overeinskomst og arbeidsreglement. Stillinga blir for tida lønt med eit rekrutteringstillegg i tillegg til grunnlønn
- Alminneleg arbeidstid
- Personleg rettleiar og deltaking i avdelinga sitt utdanningsprogram, i rotasjon med dei andre spesialistkandidatane
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Torill Myklestad Barrett, Overlege, torill.myklestad.barrett@gmail.comArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5064274830
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 02.03.2026
Søknadsfrist: 28.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9f8fb632-d562-4160-b38b-e6f101c84e5e
- Sist endret
14. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0251870929b94eadbcbef30a855d0c0e
Lignende annonser
LIS i medisinsk biokjemi
Arbeidsgiver
Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Overlege i gastrokirurgi, gastromedisin eller indremedisin
Arbeidsgiver
Kirurgisk klinikk, Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen HF
Sted
Bergen