Hopp til innhold

Fast 100% stilling som vernepleiar/sjukepleiar

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Psykisk helse og rustenester

Sted

Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Avdeling bufellesskap psykisk helse ved Grantun har ledig fast 100% stilling for vernepleiar / sjukepleiar med oppstart frå og med 01.03.26. 

Bjørnafjorden kommune er ein nær og varm kommune, noko som viser seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! 

 

Arbeidsstad  

Grantun bufellesskap i Bjørnafjorden kommune ligg kun nokre få minutt frå Os sentrum og yter tenester til personar med psykiske lidingar. Bufellesskapet rettar seg hovudsakleg mot tenestemottakarar over 18 år, og har i dag 12 bebuarar med varierte bistandsbehov. 

 

Arbeidsoppgåver 

Vi arbeider etter recovery-tilnærminga og støttar den enkelte i å utvikle eigne meistringsstrategiar for ein meiningsfull kvardag. Målet er å styrkje evna til å leve godt med psykiske utfordringar, gjennom stabilisering av psykisk helse og støtte til å meistre daglege gjeremål på ein meir sjølvstendig måte. 

Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike mål og tiltak er sentrale arbeidsoppgåver. 

Stillinga er i turnus, med arbeid kvar 3. helg ordinære vakter, eller kvar 4. helg langvakter.  

 

Kvalifikasjonar 

  • Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar 

  • Ønskjeleg med erfaring frå psykisk helse- og miljøarbeid 

 

Personlege eigenskapar 

  • Du er bevisst dine haldningar.  

  • Du prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk. 

  •  

    Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde, og det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar. 

    Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. 

     

    Vi tilbyr 

    • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. 

    • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring. 

    • Løn etter gjeldande avtalar. For sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen 

    • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen. 

     

    Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn. 

    Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følgje vil søkjaren varslast om dette. 

     

    Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Om bedriften

    Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    9e6fb99c-ea9f-43f5-bf6c-358271c4d11a

    Sist endret

    28. januar 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3583451_195947_nn

    Lignende annonser