Dekkssjef i 2:2-turnus!
Fjord1 - Maritim Drift
Strandkaien, 5013 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Dekkssjef i ressursgruppe, region Vestland
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Skift
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 8. oktober
I denne stillinga vil du ha fast turnus og grunnlønn, med ei ordning på 2 veker arbeid og 2 veker fri, noko som gir god balanse mellom jobb og fritid.
Som ambulerande dekkssjef vil du bidra til å sikre kontinuitet og stabil drift på tvers av fleire samband, og reservefartøy. Arbeidskvardagen blir variert, med ulike fartøy, ruter og utfordringar, noko som krev at du er erfaren, dyktig og trygg i rolla som dekkssjef.
I stillinga er det ein føresetnad at du disponerer eigen bil då arbeidet omfattar teneste på fleire samband på Vestlandet. Fjord1 dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og bustad, etter dei retningslinjene som er fastsette. Du må og vere busett i regionen eller sjølv kunne sørgje for ein stad å bu, då rederiet ikkje tilbyr bustad.
Stillinga gir deg ein variert kvardag der du får rikeleg høve til å bruke dine leiareigenskapar og erfaring. Dette er ei rolle med stort ansvar og moglegheiter for å påverke den daglege drifta av fartøya.
Ønskeleg med oppstart snarest, men dette avtalast nærare. Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Leiing av dekksavdeling
- Vere avløysar for skipsførar
- Oppdatere og halde vedlike vedlikehaldssystem for dekk
- Teknisk og operativ tryggleik, inkludert vedlikehald og beredskap
- Sikring av personleg tryggleik for både mannskap og passasjerar
- Utføring av oppgåver i samsvar med gjeldande stillingsinstruks
Kvalifikasjonar
- D3-sertifikat.
- Sikkerheitskurs etter kvalifikasjonsføreskrifta.
- ROC/GMDSS-sertifikat.
- Ferdighetsertifikat medisinsk behandling.
- Krise- og passasjerhandtering.
- Gyldig helseattest.
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig.
Personlege eigenskapar
Vi leiter etter ein erfaren og dyktig dekkssjef/overstyrmann med forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevende situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Vi ser etter ein fleksibel og løysingsorientert person som trives med ein variert arbeidskvardag.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter avtale mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund.
- Skiftordning: 2 veke på og 2 veker av.
- 84-timars arbeidsveke.
- Dekket reiseavstand som overstig 15 km, mellom arbeidsstad og bustad, etter dei retningslinjene som er fastsette.
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter , treningstøtte, behandlingsforsriking og gode rabattordningar.
- Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår.
Kontaktinformasjon
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no
Arbeidssted
Strandkaien
5013 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift
Referansenr.: 5184649749
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.10.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9e43c864-b9b8-4003-83af-52a552833100
- Sist endret
24. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5e7efb6ebca54fa6839aea86f9834dd2