Hopp til innhold

Skipsførar til hurtigbåtane Bergen – Nordfjord – Sogn

Arbeidsgiver

Fjord1 - Maritim Drift

Sted

Strandkaien 15, 5013 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Skipsførar til hurtigbåtane Bergen – Nordfjord – Sogn
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 27. oktober

Vi i Fjord1 er både stolte og glade over å få hurtigbåtrutene mellom Bergen, Nordfjord og Sogn tilbake til oss.

I samband med oppstart av ny kontrakt søker vi no etter ein skipsførar som vil bli ein del av mannskapet om bord på hurtigbåtane på desse rutene.

Turnus er 1 veke på jobb og 2 veker fri - perfekt for deg som ønsker ein god balanse mellom jobb og fritid. Du kan reise heim etter endt vakt, men vi tilbyr også hybel i arbeidsperioden for dei som ønsker dette.

På denne ruta får du oppleve noko av dei flottaste områda og naturen Vestlandet har å by på, samtidig som du blir ein del av eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.

Vi tek over drifta av ruta 1.desember. Oppstartstidspunkt blir avtalt nærare. 

Relevante kandidatar blir kontakta fortløpande. 


Arbeidsoppgåver

Utfør arbeidsoppgåvene i tråd med stillingsinstruksen. 

Kvalifikasjonar

  • Minimum D4-sertifikat, med førerett for hurtigbåt
  • ROC/GMDSS-sertifikat
  • Ferdighetsertifikat medisinsk behandling 
  • Krise- og passasjerhåndteringskurs
  • Gyldig helseattest
  • Ønskeleg med erfaring frå kystseglas med hurtigbåt.
Fjord1 dekker manglande krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer etter deg som er ein dyktig skipsførar med solid hurtigbåtkompetanse og inngåande kjennskap til maritime lover. Du utviser sterke leiareigenskapar og kan ta raske beslutningar i krevjande situasjonar, og har gode kommunikasjonsevner.

  • Vi tilbyr

    • Konkurransedyktig lønn etter avtale mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund.
    • Turnus: 1 veke på og 2 veker fri. 
    • Hybelordning i arbeidsperioden.
    • Attraktive velferdsordningar; firmahytter, leiligheiter, behandlingsforsikring, treningsstøtte og gode rabattordnigar.
    • Eit godt arbeidsmiljø med støttande og dyktige kollegaer.
    • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår.

    Kontaktinformasjon

    Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no

    Arbeidssted

    Strandkaien 15
    5013 Bergen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift

    Referansenr.: 5194763291
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 27.10.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Benedicte Ellingsen

    Rekrutteringsmedarbeider

    47887896

    benedicte.ellingsen@fjord1.no

    Om bedriften

    Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg! 

    Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.

    Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.

    Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.

    Sektor

    Privat

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    b67b33ba-07d8-40a2-984f-81a3b1757326

    Sist endret

    13. oktober 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    353cdf77373d4b5399be354976433900

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser