Hopp til innhold

Maskinsjef 2:2 turnus 

Arbeidsgiver

Fjord1 - Maritim Drift

Sted

Fv269 5108, 5108 Hordvik, Strandkaien, 5013 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Maskinsjef - ansvar for reservefartøy.
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest fredag 23. oktober

Vi har ledig ein stilling som maskinsjef på våre reservefartøy i "gamle" Hordaland,  med base på Steinestø ferjekai, 25 minutter nord for Bergen.

I denne stillinga vil du ha ansvaret for å sikre at våre reserveferjer alltid er operative. Du vil også yte støtte til driftande ferjer ved behov for akutt byte av fartøy eller i samband med planlagde verkstadsopphald.

Du får fast turnus og grunnlønn, med ei ordning på 2 veker arbeid og 2 veker fri, noko som gir god balanse mellom jobb og fritid. Vi tilbyr gode arbeidsvilkår med 84-timars arbeidsavtale og oppstart etter avtale. Det blir gitt fast avløysingsavtale der arbeidsgjevar dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og bustad, etter dei retningslinjene som er fastsette.

Dette er ei rolle med stort ansvar og moglegheiter for å påverke den daglege drifta av fartøyene. For å lykkes i jobben er det viktig at du har gode kommunikasjonsevner og  ser verdien av å ha ein god dialog både med kollegaer om bord og på land. 

Dette er ein spennande moglegheit for deg som ønsker ein variert arbeidskvardag, faglege utfordringar og gode utviklingsmoglegheiter. I tillegg blir du ein del av eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer, både om bord og på land.

Kandidatar blir vurdert fortløpande.


Arbeidsoppgåver

Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.

Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.

Arbeidet omfattar opplæring, teknisk vedlikehald og dokumentasjon, forbrukskontroll, reinhald og brannførebygging, og blir utført i tråd med gjeldande stillingsinstruks.

Kvalifikasjonar

  • Minimum M3-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Allsidig erfaring som maskinsjef
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig 
Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein sjølvstendig og løysningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne til å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjerande. Dette er eigenskapar som vil gjere deg til ein verdifull ressurs i teamet vårt og sikre ein god flyt i kvardagen på sjøen

Vi tilbyr

  • Konkurransedyktig løn etter tariffavtale mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
  • Fast ansettelse i eit solid og anarkjent selskap.
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter , treningstøtte, behandlingsforsriking og gode rabattordningar.
  • Fleksibel skiftordning: 2 veker på, 2 veker av – 84 timar per veke.
  • Ved behov kan ein bu om bord i arbeidsperioden.
  • Reisekostnader over 15 km til og frå arbeid blir dekka av arbeidsgjevar, etter dei retningslinjene som er fastsette.

Kontaktinformasjon

Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no

Arbeidssted

Fv269 5108
5108 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift

Referansenr.: 5189502372
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.10.2026

Kontaktperson for stillingen

Benedicte Ellingsen

Rekrutteringsmedarbeider

47887896

benedicte.ellingsen@fjord1.no

Om bedriften

Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg! 

Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.

Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.

Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9baad2a1-a8d1-4ee1-81ef-2b3e1d3e659a

Sist endret

2. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

0a7c1cb07e2c46f498b3b269dfbc4b5e

Lignende annonser

Laster lignende annonser