Avdelingsleiar Frekhaug - Habiliteringstenesta
Alver kommune
Kvernhusmyrane 25, 5914 Isdalstø
Om jobben
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar - Habiliteringstenesta Frekhaug - 3.gongs utlysing
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 1. desember
Om stillinga
Vil du vere med å forme framtida for tenestene våre – og skape eit fagmiljø som gjer ein forskjell?
Er du ein person som har engasjement for utvikling, som ser potensialet i menneske og miljø, og som ikkje er redd for å ta initiativ? Då er dette jobben for deg!
Som avdelingsleiar får du ei nøkkelrolle i å byggje vidare på eit fagmiljø prega av kvalitet, samarbeid og vekst. Du vil vere ein pådrivar i oppstart og planlegging, og bidra til å forme ei avdeling der både tilsette og tenester får utvikle seg.
Stillinga er nyoppretta og rapporterer direkte til einingsleiar. Som avdelingsleiar får du personal- og fagansvar for di avdeling, men ikkje det heilskaplege ansvaret. Du kan òg få delegert oppgåver innan til dømes økonomi og HMS. Ved ferieavvikling eller kortvarig fråvær kan ansvarsområdet bli justert, og ved lengre fråvær av einingsleiar kan moglegheit for konstituering opne seg i tråd med HTA § 13.4.
Du blir ein del av leiargruppa i avdelinga – eit team som står saman for å skape gode løysingar. Her jobbar me tett og målretta for å sikre tenester som er likeverdige, berekraftige og av høg kvalitet.
Stillinga er ei dagstilling med fleksitid (37,5 t/v) med stor grad av autonomi i korleis du løyser arbeidskvardagen.
Som avdelingsleiar skal du, saman med einingsleiar, vere med å utvikle tenesta og byggje ein felles kultur. Du er initiativrik og har engasjement for det einskilde menneske i utvikling. Du liker å ta ansvar i oppstart og planlegging, og vere ein pådrivar for å skape eit fagmiljø som er prega av kvalitet, samarbeid og engasjement.
Er du klar til å ta ansvar, skape utvikling slik at me står rusta for framtida? Då vil me gjerne høyre frå deg!Om oss
Habiliteringstenesta gjev tenester i heimen til tenestemottakarane, med hovudvekt på vernepleiarfagleg arbeid i form av rettleiing, råd og hjelp, samt helsehjelp til mennesker med funksjonsvariasjonar. Me rettar fokuset på det einskilde menneske i utvikling. Målet er å gje gode og tilpassa tenester til kvar og ein. Ambisjonane er å bli best på tenesteyting til målgruppa. Hjå oss er det eit tverrfagleg miljø.
Avdelinga er ny etter kommunesamanslåinga i 2020, og er i stadig utvikling og vekst. Det er kort reiseveg frå Åsane og berre 2 minutters køyring frå Nordhordlandsbrua. Det er gode kollektivforbindelsar, samt at bussen stoppar like ved.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for dagleg drift
- Personalansvar
- Saman med einingsleiar ha ansvar for å sikre at kvaliteten på tenestene er innanfor ramma av dei ressursane avdelinga disponerer.
- Ansvarleg for at avdelinga arbeidar etter kommunen sine fag- og kvalitetssystem
- Gjennomføre internkontrolltiltak innanfor fagområdet
- Sørge for naudsynt fagleg samordning på tvers av linjeorganiseringa
- Ansvarleg for at dei tilsette samla sett har tilstrekkeleg og relevant kompetanse
- Ta initiativ til og gjennomføre fagleg forbetrings- og utviklingsarbeid
- Ansvarleg for ei brukar- og serviceorientert utvikling av tenester i fagområdet
- Sikre god løpande dialog med brukarar og pårørande
Kompetanse
- Autorisert vernepleiar. Sjukepleiar med relevant erfaring frå tenesteområdet kan og bli vurdert.
- Relevant arbeidserfaring som leiar med personalansvar
- Arbeidserfaring for mennesker med funksjonsvariasjonar og målretta miljøarbeid
- Gode digitale ferdigheiter og kjennskap til digitale dokumentasjonsverktøy
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Det er eit føremon dersom du har:
- Veiledarkompetanse
- Relevant leiarutdanning
- Innsikt i korleis kommunale tenester er organisert og erfaring med kommunale fagsystem
- Erfaring med HOL Kap.9
- Erfaring med psykisk helsearbeid
Kven er du?
- Er trygg i deg sjølv, handterer krevjande situasjonar med ro og tydelegheit, og tek kloke avgjerder under press
- Har gode kommunikasjonsevner og relasjonelle ferdigheiter, og evne til å skapa tillit
- Ser moglegheiter der andre ser utfordringar
- Kan reflektera etisk og fagleg over komplekse problemstillingar
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Evnen til å prioritere arbeidsoppgåver
- Evner å inspirere og motivere
- Du har gode samarbeidsevner, men kan og arbeide sjølvstendig
Me treng deg som kjem inn og ser utviklingspotensialet i avdelinga. Det er viktig at du er trygg i deg sjølv, og handterer krevjande situasjonar med ro og tålmod.Du er initiativrik og har engasjement for det einskilde menneske i utvikling. Du har gode samarbeidsevner, og evner å tilpasse deg situasjoner etter behov.
Dei personlege eigenskapar ovanfor vil bli lagt stor vekt på.Me tilbyr
- Fagleg og personleg utvikling
- Leiaropplæring
- Høg kompetanse i avdelinga med stort fokus på kvalitet i tenesta
- Dedikerte kollegaer som har brukar i fokus
- Allsidig og lærerikt arbeidsmiljø
- Løn: Etter avtale
- God pensjonsordning i KLP
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og me får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Om Habiliteringstenesta
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,
og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har me eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Me er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Me verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Me legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der me søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Me ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9e1b5f44-868e-4447-80f6-43e43624fe1e
- Sist endret
13. november 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10270199
Lignende annonser
Helsefagarbeider - 50 % fast natt
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Manger
Ergoterapeut - 100% vikariat
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Isdalstø
Faste helgestillinger i habiliteringstenesta i Alver kommune - årsturnus 2025/26
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Isdalstø