Fast helgestilling - Habiliteringstenesta
Alver kommune
Kvernhusmyrane 41, 5914 Isdalstø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Faste helgestillinger i habiliteringstenesta i Alver kommune - årsturnus 2025/26
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 31. desember
Om stillinga
Alver kommune søkjer etter pleieassistentar til fast helgestillingar til habiliteringstenesta. Vi ser etter deg som har erfaring frå tilsvarande arbeid, eller som er i utdanning innan helse-og omsorg. Om du ikkje har erfaring men interesse for faget kan du og søkje!
Som tilsett hos oss blir du ein del av eit tverrfagleg team med dyktige helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, assistenter, miljøterapeuter og andre fagpersonar. Saman sørger vi for at våre tenestemottakarar opplever trygge og gode dagar!
Aktuelle avdelingar
- Kvassnesvegen bufellesskap
Avdelingsleiar: Paal Teistedal Myklebust - Skrenten avlastning
Avdelingsleiar: Petter Myhrer-Næss - Hannesvegen bustader
Einingsleiar: Reidun Vallestad - Storhaugen bufellesskap
Avdelingsleiar: Therese Einmo Frantzen - Stallanemarka burettslag
Avdelingsleiar: Renate Nordahl
- Bjørkhaugen og Kvernhusmyrane bufellesskap
Einingsleiar: Bjørg Konglevoll Lunde - Frekhaug bustader
Einingsleiar: Eva-Kristin Breistein Fanebust - Avlastningstenester for born og unge
Einingsleiar: Kristine Hildegard Ulvatne Rath - Prestbrekka bufellesskap
Einingsleiar: Lene Christensen - Ambulerande tenester
Einingsleiar: Marianne Bratshaug
Arbeidsoppgåver
- Skape føreseielegheit, tryggleik og struktur
- Praktisk hjelp og bistand til tenestemottakarar
- Samarbeide med andre instansar ved behov
- Dokumentasjon i fagsystemet Profil
- Ivaretaking av kapittel 9 vedtak
Kven er du?
- Du er omsorgsfull og har eit ekte engasjement for å hjelpa andre.
- Du er påliteleg og møter opp til avtalt tid og tek ansvar for arbeidsoppgåvene dine.
- Du har gode kommunikasjonsevner og trivst å samarbeida med både kollegaer og tenestemottakarar
- Du er fleksibel og taklar endringar og ulike arbeidsoppgåver med eit positivt sinn.
- Du er løysingsorientert og tek initiativ når det trengst.
- Du har evne til å skapa tryggleik og trivsel rundt deg.
- Du har roleg og handterer stressande situasjonar på ein god måte.
Me tilbyr
- Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Eigen avløning for sjukepleie, vernepleie og medisinstudentar
- Sjukepleiarar ligg 10 000 over tariff og vernepleiarar ligg 9000 over tariff
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Fagleg utvikling
- Årsturnus
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- God pensjonsordning gjennom KLP
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b09a3ebc-1bb9-4fa0-b8c0-bd05c53ef0ee
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10262449