Hopp til innhold

Trommelærar Vinje kulturskule – Vikariat – 20%

Arbeidsgiver

Kultur, Vinje kommune

Sted

Vinjevegen 192, 3890 Vinje

Om jobben

Oppstart
17. august 2026
Stillingstittel
Trommelærar Vinje kulturskule – Vikariat – 20%
Type ansettelse
Vikariat, deltid 20%
Arbeidstid
Kveld, ukedager

Søk på jobben

Søk senest søndag 9. august

Vinje kulturskule søkjer ein engasjert og pedagogisk trommelærar i 25 % vikarstilling for hausten 2026, med moglegheit for forlenging. Kulturskulen er ein viktig arena for skaparglede, meistring og fellesskap for born og unge i kommunen. Som trommelærar vil du møte elevar i alderen 6–18 år og få høve til å bidra inn i eit aktivt og utviklingsorientert fagmiljø.

Stillinga er i hovudsak knytt til individuelt undervisningsarbeid, men samspel er ein naturleg og viktig del av undervisninga i Vinje kulturskule. Du vil samarbeide med andre instrumentlærarar og vere med på å utvikle elevane sine musikalske dugleikar gjennom samspel, konsertar og deltaking på arrangement som UKM (Ung kultur møtast). Me ser etter deg som ynskjer å bidra til eit inkluderande læringsmiljø og som ser verdien av kulturskulen som ein viktig møteplass for born og unge.



Arbeidsoppgåver

  • Planleggje og gjennomføre undervisning i trommer for elevar i alderen 6–18 år
  • Tilpasse undervisninga til den enkelte elev sitt nivå og behov
  • Delta i og bidra til samspelundervisning saman med andre lærarar i kulturskulen
  • Motivere elevane til fagleg utvikling, meistring og musikkglede
  • Følgje opp elevar fram mot konsertar og andre arrangement
  • Bidra inn mot UKM og andre prosjekt i regi av kulturskulen
  • Samarbeide med føresette ved behov
  • Delta på personalmøte og utviklingsarbeid i kulturskulen

Kvalifikasjonar

  • Relevant pedagogisk utdanning er ynskjeleg
  • Musikkfagleg utdanning innan trommer/perkusjon er ynskjeleg
  • Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell musikkutdanning
  • Erfaring frå undervisning eller arbeid med born og unge er ein fordel
  • Interesse for og erfaring med samspel og ensemblearbeid er ynskjeleg
  • Førarkort klasse B og disponering av eigen bil er eit krav
  • Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding
  • Stillinga følgjer arbeidstidsavtalen SFS 2213

Personlege eigenskapar

  • Du er fagleg dyktig og trygg i rollen som trommelærar
  • Du er pedagogisk og har gode relasjonelle dugleikar i møte med born og unge
  • Du er engasjert og motiverande
  • Du samarbeider godt med kollegaer på tvers av fagområde
  • Du arbeider sjølvstendig og tek ansvar for eiga undervisning
  • Du er fleksibel og løysingsorientert
  • Du bidreg positivt til arbeidsmiljøet og til utviklinga av kulturskulen

Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.

Me tilbyr

  • Ei meiningsfull stilling i ein kulturskule med høge ambisjonar på elevane sine vegner
  • Eit inkluderande og imøtekomande kollegium med god kultur for samarbeid.
  • Moglegheit til å samarbeide på tvers av kunst- og fagområde
  • Fast møtearena kvar veke, med fokus på fagutvikling, utviklingsarbeid og teambuilding
  • Ein arbeidsplass som aktivt bidreg til kultur- og oppvekstarbeid i lokalsamfunnet
  • Høve til å vere med og vidareutvikle ein kulturskule med lågterskel kulturtilbod for born og unge
  • Løn etter gjeldande avtaleverk
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar

Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet. Sjå lånekassa for vilkår.

 

 

Kontaktinformasjon

Kristian W. Rantala, Verksemdsleiar kultur og fritid, 94983823, kristian.rantala@vinje.kommune.no

Arbeidsstad

Vinjevegen 192
3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 5154514539
Stillingsprosent: 20%
Vikar
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 09.08.2026

Kontaktperson for stillingen

Kristian W. Rantala

Verksemdsleiar kultur og fritid

94983823

kristian.rantala@vinje.kommune.no

Om bedriften

Me ynskjer deg velkomen til Vinje! 

Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie. 

Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.

Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus. 

Me håpar du vil trivast hjå oss! 

Les meir om livet i Vinje her  

Sjå Vinjefilmen her 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9dfa7b05-6445-440e-969d-c0d322bfe27d

Sist endret

8. juli 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

c484a467b61047288b17c0bc682c6eff

Lignende annonser

Laster lignende annonser