Undervisningsstilling i helse- og oppvekstfag
Askøy videregående skole, Vestland fylkeskommune
Søre Myrane 13, 5300 Kleppestø
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærar i helse- og oppvekstfag
- Oppstart
- 1. august 2026
- Type ansettelse
- Annet, heltid og deltid
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 30. april
Trivst du med ungdom, er engasjert i faget ditt og opptatt av å sikre gode og kvalifiserte yrkesutøvarar for framtida?
Askøy videregående skole har no ledig ein fast stilling, og eit vikariat, som lærar på avdeling for helse- og oppvekstfag. Stillinga er ledig frå 1. august 2026.
Askøy videregående skole har omlag 700 elevar og 120 tilsette, fordelt på følgjande utdanningsprogram: Bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, helse- og oppvekstfag, teknologi- og industrifag, studiespesialisering og påbygging til generell studiekompetanse. I tillegg tilbyr skulen individuelt tilrettelagt opplæring i eigne grupper.
Vi legg stor vekt på at fagopplæringa er i tråd med behov og krav i arbeidslivet, og at skule- og læringsmiljøet skal vere inkluderande, trygt og godt. Skulen fekk i 2023 nye verkstader i det nye bygget vårt, noko som gir oss eit mangfald av moglegheiter. Vi legg vekt på å utvikle inkluderande praksisar, med mål om at alle elevane våre skal få utvikle sitt potensiale, og ha eit godt utbytte av opplæringa. Vi har eit godt samarbeid med næringslivet, og arbeider aktivt med å utvikle dette for å kunne gje elevane våre relevant og god opplæring.
Arbeidsoppgåver
Stillingane er knytt til undervisning i programfaga innanfor helse- og oppvekstfag, helsefagleg utdanning.
Stillingane vil i hovudsak innebere undervisning på vg2-nivå. Det kan bli aktuelt med kontaktlærarfunksjon i tillegg til undervisning.
Vi ønskjer oss ein kollega som er utviklingsorientert, har gode samarbeidsevner og legg vekt på dialog for å utvikle et godt fagmiljø saman med andre på skolen.
Den som blir tilsett må ha gode kunnskapar og interesse for bruk av IKT i opplæringa. Du samarbeider med kollegaer og leiing i profesjonsfellesskapet, og med opplæringskontor og næringsliv om formidling av læreplass til elevane. Du held deg orientert om utviklinga i bransjen og i fag- og yrkesopplæringa.
Kvalifikasjonar
Forskrift til opplæringslova § 12-8 skildrar krav for å bli tilsett i lærarstilling i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa. Fylkeskommunen skal sørgje for at dei som skal tilsettast oppfyller eitt av desse krava:
a) Du har yrkesfaglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
b) Du har universitets- eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 180 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 12-1. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
c) Du har faglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
d) Du har fag- eller sveinebrev eller bestått anna yrkesfagleg vidaregåande opplæring. I tillegg må du ha to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå og fire års yrkespraksis etter fullført vidaregåande opplæring. Slik bakgrunn kvalifiserer for tilsetting i fag som utdanninga eller bakgrunnen er relevant for. Det krevst også pedagogisk utdanning i samsvar med § 12-1.
e) Du har lærarutdanning med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å gi individuelt tilrettelagd opplæring eller dersom det er ønskjeleg ut frå behova til elevane.
Dei som ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag har fått godkjent kravet om to års relevant yrkesteoretisk utdanning på grunnlag av realkompetanse, oppfyller kravet om to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå i første ledd bokstav d.
Dersom du manglar delar av utdanningskravet blir start- og sluttidspunkt av utdanninga avtalt med leiar.
Det er ynskjeleg med:
- Undervisningserfaring.
- Erfaring i bruk av IKT og varierte digitale undervisningsmetodar.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Personlege eigenskapar
- Du er inkluderande og oppteken av verdien av mangfald.
- Du har god pedagogisk forståing.
- Du er engasjert og positiv, og legg til rette for variert opplæring.
- Du tek initiativ til samarbeid og er ein aktiv deltakar i profesjonsfellesskapet, men er òg sjølvstendig i eige arbeid.
- Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar, miljøarbeidarar, lærarar og andre hjelpeinstansar i laget rundt eleven.
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Du som skal tilsettast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Vi tilbyr
- Eit aktivt og stimulerande fagmiljø.
- Gode høve til eiga læring og utvikling.
- Løn og lønsutvikling i tråd med tariffavtalen og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Søknad og cv sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema i webcruiter. Søknaden må innehalde attestar og vitnemål.
Vi gjer merksam på at overtallige ved andre skuler kan ha rett til utlyst stiling.
Alle som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest
Kontaktinformasjon
Åse Stensland, avdelingsleiar, 93468232Arbeidsstad
Søre Myrane 135300 Kleppestø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5112713947
Stillingsprosent: 100, 75%
Fast, Vikar
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 30.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Åse Stensland
avdelingsleiar
93468232
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9df64e47-61e1-4511-8531-f003ce2b7fdd
- Sist endret
15. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c1ec8c6fd60240718a6eda93d55be1a7