Bli med å hjelpe ungdom inn i jobb og utdanning
Nav Ørsta-Volda
Ivar Aasen-gata 10, 6150 Ørsta
Om jobben
- Stillingstittel
- Bli med å hjelpe ungdom inn i jobb og utdanning
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. februar
Vi har ledig ei fast stilling som ungdomsrettleiar hjå Nav Ørsta-Volda, og ser etter deg som ønskjer å bidra til at fleire unge skal få moglegheit til å bli inkludert i arbeidslivet. Vi søkjer deg som er ein robust lagspelar, vert motivert av å hjelpe andre, evnar å stå i utfordringar over tid, og som har god forståing av Nav sitt samfunnsoppdrag, visjon og verdiar.
Som ungdomsrettleiar hjå Nav Ørsta-Volda blir du ein del av eit team med ansvar for rettleiing og oppfølging av unge vaksne opp til 30 år. Du vil følge opp ungdom som står utanfor arbeidslivet og har behov for ekstra støtte. Rolla krev interesse for samarbeid med arbeidsgivarar og tilrettelegging for at ungdom inkluderast og får moglegheit til å kome tilbake til skule eller utdanning.
Arbeidet inneber aktiv dialog med arbeidsgivarar, utdanningsinstansar, arbeidsmarknadsbedrifter, helsepersonell, samt andre relevante aktørar. Du må være god til å byggje relasjonar, skape tillit og handtere krevjande situasjonar. Samtidig må du sjå moglegheiter, ha kunnskap om arbeidsmarknaden og utdanningssystemet, og trivast med høgt tempo og varierte oppgåver.
Nav Ørsta-Volda har 35 tilsette som yter tenester til dei om lag 22 000 innbyggjarane i kommunane Ørsta og Volda. Vi jobbar tverrfagleg og godt, og samarbeider tett både internt og eksternt. Hos oss er arbeidstempoet høgt, og som rettleiar hos oss må du jobbe strukturert for å lukkast. Som rettleiar hjå oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø, som jobbar aktivt for å utvikle stadig betre tenester for innbyggjarar og arbeidsgivarar i våre to kommunar.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegge unge vaksne som henvender seg til Nav for rettleiing og bistand innan utdanning, arbeid og helse
- Tett oppfølging av ungdom i henhold til Ungdomsgarantien
- Arbeidsretta oppfølging av ungdom med samansette utfordringar
- Rettleie om tiltak, verkemiddel og moglegheiter i arbeidsmarknaden
- Forvalte og sakshandsame etter sosialtenestelova, forvaltningslova, Nav-lova, folketrygdelova og anna aktuelt lovverk
- Tett dialog med øvrige rettleiarar, samarbeidspartar, tiltaksarrangør og arbeidsgivarar for å finne og utvikle moglegheiter til inkludering
- Arbeidsoppgåver knytt til vårt publikumsmottak og rettleie i Nav sine sjølvbetjeningsløysingar
- Bidra til at vi utviklar stadig betre brukartenester og at kontoret når sine verksemdsmål.
- Oppfølging av eigen portefølje i Nav sine fagsystem og dataverktøy
Arbeidsoppgåvene kan endrast ut frå behovet i kontoret.
Kvalifikasjonar
- Fullført utdanning tilsvarande bachelor- eller mastergrad, gjerne innan sosialfag, pedagogikk, samfunnsfag eller HR og personal. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- God digital kompetanse og evne til å raskt sette deg inn i nye datasystemer
- Erfaring frå arbeid med unge vaksne
- Erfaring med rettleiing og relasjonsbygging
Fordel med kompetanse innan:
- Juridisk metode og forvaltning
- Oppsøkande kontakt med innbyggjarar og arbeidsgivarar
- Tverrfagleg samarbeid, nettverksbygging og arbeidsinkludering
Personlege eigenskaper
- Du har tru på at alle menneske, trass fysiske og psykiske helseutfordringar, kan få og behalde ein ordinær jobb
- Du møter mennesker i sårbare livssituasjoner med respekt, empati og profesjonalitet uavhengig av kultur og nasjonalitet
- Du er målretta, strukturert og har stor arbeidskapasitet
- Du er proaktiv, fleksibel og evnar å håndtere uforutsette hendingar og arbeidsoppgåver i ein hektisk kvardag
- Du har evne til å motivere og skape gode relasjonar og tillit hjå innbyggjarar, kollega og samarbeidspartar
- Du har evne til å sjå moglegheiter og finne gode løysingar
- Du tek ansvar, er ein god lagspelar og bidreg positivt inn i arbeidsmiljøet
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Hjå Nav Ørsta-Volda får du ta del i eit kompetanserikt og engasjert fagmiljø
- Utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
- Stort handlingsrom og ansvar for å planleggje eigen arbeidskvardag
- Gode utviklingsmoglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Spanande møter med jobbsøkjarar og arbeidsgivarar i regionen
- Fleksibel arbeidstid innanfor våre retningslinjer
- Stillinga lønnast i stillingskode 1434 Rådgjevar innanfor lønnsspenn kr 622 000–650 000
- God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå løn vert det trekt 2 %)
Kontaktinformasjon
Marte Jelle, Nav-leiar, 476 52 735Arbeidssted
Ivar Aasen-gata 106150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5062477153
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.02.2026
Kontaktperson for stillingen
Marte Jelle
Nav-leiar
476 52 735
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9dc80763-7037-4c4e-93db-d6d03f379b71
- Sist endret
12. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d7030f29819b45fcaccf9ed19bcb3a97
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Helse, omsorg og velferd, Ørsta kommune
Sted
Ørsta
Veileder attføringsbedrift
Arbeidsgiver
Furene As avd. Mjøl og Meir
Sted
Ulsteinvik
Ferievikar trivselsmedarbeidar Omsorg og sjukeheim
Arbeidsgiver
Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
Sted
Ørsta