Key Account Manager
Norway's best AS
5704 Voss
Om jobben
- Stillingstittel
- Key Account Manager
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 3. februar
Vi søkjer ein strukturert og kommersiell Key Account Manager som vil ha ansvar for utvikling av turoperatørkundar i utvalde geografiske marknader. Rolla kombinerer relasjonsbygging, forhandling og analyse, og passar for deg som trivst med langsiktig kundeansvar og stor grad av sjølvstende.
Du blir ein del av eit engasjert salsteam og får ein sentral rolle i å styrke og vidareutvikle vår posisjon i marknaden.
Ansvarsområde og arbeidsoppgåver
-
Heilskapleg kundeansvar for turoperatørar i utvalde marknader (B2B Leisure)
-
Vere dedikert kontaktperson for eigen kundeportefølje
-
Utvikle kundar gjennom langsiktig samarbeid, meir salg og kommersielle initiativ
-
Planleggje og gjennomføre forhandlingar og kontraktering
-
Følgje opp nye leads og eksisterande kundar gjennom strukturert kundedialog
-
Analysere salsdata og identifisere vekstpotensial i eigen portefølje
-
Planleggje og gjennomføre kundemøter, salsaktivitetar og studieturar
-
Delta i nasjonale og internasjonale kundemesser og workshops
(reiseaktivitet samt arbeid på ettermiddag/kveldstid må påreknast) -
Samarbeide tett med andre avdelingar for å sikre gode kundeopplevingar
Kva kjenneteiknar dei som lukkast i rolla?
Vi ser etter deg som:
-
Tek ansvar for eigen portefølje og skaper framdrift utan tett oppfølging
-
Jobbar strukturert med kundar, prioriteringar og salsdata over tid
-
Byggjer tillitsfulle B2B-relasjonar og evnar å kombinere relasjon og kommersielle krav
-
Er komfortabel med forhandlingar og langsiktige kundeløp
-
Trivst i ein variert kvardag med høgt tempo og fleire parallelle oppgåver
Ønskt bakgrunn og erfaring
-
Relevant erfaring frå sal, key account management eller kommersiell rolle
(erfaring frå reiseliv/B2B er ein fordel, men ikkje eit krav) -
Erfaring med bruk av CRM-verktøy og grunnleggande analyse av salsdata
-
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
(andre språk er ein fordel) -
Relevant utdanning innan sal, marknadsføring eller reiseliv er ønskjeleg, men ikkje avgjerande
Kva tilbyr vi?
-
Ein rolle med stor grad av sjølvstende og påverknad
-
Langsiktig kundeansvar i eit profesjonelt og engasjert salsteam
-
Moglegheit til å utvikle kompetanse innan kommersiell analyse, forhandling og marknadsforståing
-
Ein variert arbeidskvardag med både relasjonsarbeid, reise og strategisk kundearbeid
Arbeidstad: Flåm, Myrkdalen eller Voss
Me er ein glad og engasjert gjeng i salgsavdelinga som gler oss til å få ein ny kollega. Me ser fram til å høyra frå deg!
Om bedriften
Norway’s best Group AS (NBG) er eit leiande norsk reiselivskonsern, med nokre av Norges mest spektakulære natur- og kulturbaserte reiseopplevingar i sin portefølje. Vår hovudaktivitet foregår i Flåm og Myrkdalen. Med fyrtårnprodukta Flåmsbana og UNESCO-området Nærøyfjorden har Flåm blitt til eit av dei mest populære reisemåla i Noreg, og i pudderparadiset Myrkdalen har vi den største skidestinasjonen på Vestlandet. I tillegg har selskapet aktivitet i Aurland, Lærdal, Geiranger og Oslo. NBG har ein omsetnad på vel 850 MNOK, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og 1,7 millionar gjester. Konsernet eig Myrkdalen Fjellandsby, The Fjords og 50% av Flåmsbana. I desember 2025 kjøpte vi Narvikfjellet i Narvik og Polar Park I Bardu. Dette er en del av konsernet sin nasjonale ambisjon.
Gjennom dotterselskapet Norway’s best AS eig og driftar konsernet fire hotell, 14 restaurantar, to bakeri, i tillegg til Flåmsbanamuseet og Aurland Skofabrikk. Selskapet har også ein stor kommersiell avdeling som marknadsfører og seljer våre og andre aktørar sine produkt til gjester over heile verda.
I Norway’s best Group AS verdset vi naturen, miljøet og dei lokalsamfunna vi opererer i. Ved å gjere vårt ytterste for å redusere vår miljøpåverknad og støtte opp rundt lokal verdiskaping, ynskjer vi å bidra til ei framtidsretta og berekraftig reiselivsnæring. Våre ansatte er kjernen i verksemda og vi ynskjer å skape eit inkluderande og likestilt miljø med trygge arbeidsplassar.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9d1b7015-0981-4a49-a2f1-63e511c618c1
- Sist endret
21. januar 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
446915427
Lignende annonser
Marketing Manager
Arbeidsgiver
Outdoor Norway As
Sted
Voss
Konsern controller
Arbeidsgiver
Norway's best AS
Sted
Bergen, Aurland, Voss
Operations Manager
Arbeidsgiver
Outdoor Norway As
Sted
Voss