Undervisning på helse-og oppvekstfag og barne- og ungdomsarbeidar/ helsefagarbeidar fast og vikariat
OPK-OL - Olsvikåsen vgs, Vestland fylkeskommune
Olsvikåsen 152, 5183 Olsvik
Om jobben
- Oppstart
- 1. august 2026
- Stillingstittel
- Undervisning på helse-og oppvekstfag og barne- og ungdomsarbeidar/ helsefagarbeidar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 3
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 26. mai
Olsvikåsen videregående skole ligg vakkert plassert ved foten av Lyderhorn, sentralt i Bergen vest og med gode busstilbod til Askøy, Sotra og Bergen. Skulen legg vinn på å vere framtidsretta, samfunnsorientert og fagleg oppdatert og vi siktar oss heile tida inn på å ha eit trygt og utviklande lærings- og arbeidsmiljø.
På Olsvikåsen vgs er nærleik er eit kjerneomgrep. Det er kort veg mellom alle instansar på skulen vår. Det skal vere lett å få kontakt med den ein treng og ein skal bli møtt med respekt og få god oppfølging. Vi skal ha tette og nære relasjonar til kvar enkelt elev og ei god kollegial lagånd der vi raust deler med kvarandre og verdset eit godt samarbeid.
Du kan lese meir om oss her.
Arbeidsoppgåver
Undervisning på helse-og oppvekstfag og barne- og ungdomsarbeidar/ helsefagarbeidar
- Inntil 2 undervisningsstillingar i 100% - fast
- Årsvikariat i 100% undervisningsstilling
Kvalifikasjonar
Forskrift til opplæringslova § 12-8 skildrar krav for å bli tilsett i lærarstilling i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa. Fylkeskommunen skal sørgje for at dei som skal tilsettast oppfyller eitt av desse krava:
a) Du har yrkesfaglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning
b) Du har universitets- eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 180 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 12-1. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning
c) Du har faglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning
d) Du har fag- eller sveinebrev eller bestått anna yrkesfagleg vidaregåande opplæring. I tillegg må du ha to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå og fire års yrkespraksis etter fullført vidaregåande opplæring. Slik bakgrunn kvalifiserer for tilsetting i fag som utdanninga eller bakgrunnen er relevant for. Det krevst også pedagogisk utdanning i samsvar med § 12-1
e) Du har lærarutdanning med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å gi individuelt tilrettelagd opplæring eller dersom det er ønskjeleg ut frå behova til elevane
Dei som ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag har fått godkjent kravet om to års relevant yrkesteoretisk utdanning på grunnlag av realkompetanse, oppfyller kravet om to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå i første ledd bokstav d.
Personlege eigenskapar
- Du er inkluderande og oppteken av verdien av mangfald
- Du har god pedagogisk forståing
- Du er engasjert og positiv, og legg til rett for variert undervisning
- Du tek initiativ til samarbeid og er ein aktiv deltakar i profesjonsfellesskapet, men er òg sjølvstendig i eige arbeid
- Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar, miljøarbeidarar, lærarar og andre hjelpeinstansar i laget rundt eleven
- Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit aktivt og stimulerande fagmiljø
- Ein arbeidsplass der deling og samarbeid er ein viktig del av kulturen
- Løn og lønsutvikling i tråd med Vestlands fylkeskommune sin lønspolitikk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Vivian Norstrand, avdelingsleiar, 55511416, vivian.norstrand@vlfk.noArbeidsstad
Olsvikåsen 1525183 Olsvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5127886530
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 26.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9cc84632-67bb-4750-9b15-86e8c30e86ec
- Sist endret
11. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1d8b646e0b214cf5b42975bff3ef9943