ID 2453 Pedagogisk leiar og barnehagelærar - Sagvåg barnehage avdeling Tjødnalio
Stord kommune
5410 Sagvåg
Om jobben
- Oppstart
- 15. august 2026
- Stillingstittel
- Barnehagelærar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest søndag 14. juni
Sagvåg barnehage avd Tjødnalio er eig av Stord kommune og ligg i landlege omgjevnader i Sagvåg. Me har kort veg til skog, vatn, fjell og sjø. Her er 40 barn fordelt på små-og storbarnsavdelingar. Hos oss jobbar me aktivt for inkludering med fokus på at alle barn og tilsette skal ha eit trygt og godt miljø i barnehagen. Me har eit aktivt og engasjert personale med høg fagleg kompetanse og lang erfaring.
Visjonen vår er -Saman om den gode barndomen.
Me har ledig følgjande stillingar: Pedagogisk leiar i 100% stilling - vikariat i perioden 15.08.26 - 14.08.27 Barnehagelærar i 100% stilling - vikariat i perioden 15.08.26 - 31.12.26, med moglegheit for fast tilsetjing Skriv i søknaden om du søkjer berre på ein av stillingane eller begge.Barnehagen søkjer etter deg som:
-
har evner til å vera med å vidareutvikla ein god barnehage i tett samarbeid med føresette og tilsette
-
har arbeidsglede, arbeidsmot, godt humør og gode samarbeidsevner
-
har gode leiareigenskapar
-
er positiv, initiativrik, løysningsorientert og strukturert
-
kan bidra til å skapa eit godt lærings- og leikemiljø
-
har evner til å vera ein tydeleg rollemodell både for barn og vaksne
Arbeids- og ansvarsområde:
-
setje i verk og leie det pedagogiske arbeidet i tråd med lov om barnehage og Rammeplan for barnehagen.
-
planlegge, gjennomføre, dokumentere, vurdere og utvikle arbeid i høve enkeltbarn, barnegruppa og det område du er satt til å leie
-
rettleiing av personale
-
foreldresamarbeid
-
tverrfagleg samarbeid
-
prosjektarbeid
Kvalifikasjonskrav:
-
Søkjar må ha utdanning som barnehagelærar
-
Godkjent politiattest ikkje eldre enn 3 månader.
-
Beherske digitale verktøy
Me kan tilby:
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentleg tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9cc1ad44-1657-4626-bd07-997f74a5cfe6
- Sist endret
29. mai 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
9cc1ad44-1657-4626-bd07-997f74a5cfe6