Hopp til innhold

HR-konsulent

Arbeidsgiver

Vaksdal kommune

Sted

Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam

Om jobben

Stillingstittel
HR-konsulent
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 9. november

Om stillinga

Ein av kollegaene våre skal ut i foreldrepermisjon, og vi søker derfor ein HR-konsulent til eit 100% vikariat med oppstart snarast og varigheit ut 2027. Vi ser etter deg som trivst med å rettleie og støtte leiarar og tilsette, og som ønsker å utvikle deg innan HR.

Som HR-konsulent vil du samarbeide med ulike delar av organisasjonen. Rettleiing og service til leiarar og tilsette er ein sentral del av stillinga. Du vil bidra til at dei får god støtte i HR-relaterte spørsmål, og til eit godt samarbeid på tvers av fagområde.

Stillinga passar for deg som liker å jobbe med menneske, kommuniserer tydeleg og er oppteken av å finne gode løysingar. Hos oss får du høve til å bruke kompetansen din og utvikle deg vidare gjennom varierte oppgåver og samarbeid med andre.


Arbeidsoppgåver

  • Rådgjeving og rettleiing til leiar og tilsett i personal/HR og lønsspørsmål 
  • Koordinering av rekrutteringsprosessar i rekrutteringsportalen  
  • Koordinering av tilsetjingar og arbeidsavtalar
  • Administrator i HR systemet Visma Enterprise Plus
  • Gje støtte og rettleiing til leiar i oppfølging av sjukemeldte
  • Oppgåver knytt til variabel løn og lønskøyring
  • Andre førefallande oppgåver på HR og organisasjonsutvikling 

Kvalifikasjonskrav

  • Det er ønskeleg med 3-årig relevant høgskuleutdanning
  • Relevant arbeidserfaring er ein fordel, men stillinga passer også for deg som er nyutdanna
  • God forståing og interesse for system og digitalisering av prosesser
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne  

Personlege eigenskapar

  • Du ønsker ei stilling der du kan utvikle deg og lære noko nytt.
  • Du har god gjennomføringsevne og trivst med å jobbe strukturert med fleire oppgåver samtidig.
  • Du verdset eit arbeidsmiljø der kollegaer deler kunnskap og erfaringar.
  • Du er serviceinnstilt og trivst med å rettleie og hjelpe andre.

Personlege eigenskapar vert vektlagt.


Vaksdal Kommune kan tilby

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Individuell oppfølging 
  • Gode moglegheitar for støtte til utdanning
  • Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg

Kontaktperson for stillingen

Randi Solveig Pedersen

HR-leiar

+4790771461

randi.solveig.pedersen@vaksdal.kommune.no

Om bedriften

Vaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil.

Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer. Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og du får store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag.

Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne.

Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9ca80cca-60b9-46ba-9ba9-21202be65d7d

Sist endret

20. oktober 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10313259

Lignende annonser

Laster lignende annonser