Fagarbeidar på Eksingedalen oppveksttun
Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagarbeidar på Eksingedalen oppveksttun
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 40%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 4. desember
På Eksingedalen oppveksttun får du unike moglegheiter!
Kven er vi?
Oppveksttunet har frå november 5 barn i barnehagen og 10 elevar frå 1. til 9. trinn.
Her har du store undervisningsrom, nærleik til naturen, små elevgrupper, og ei støttande bygd som heiar på barnehagen og skulen sin.
Vi har ledig eit vikariat i 40 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar frå januar. Stillinga er for tida knytt til barnehagen, men det kan òg bli aktuelt med arbeid i skulen.
Er dette noko for deg? Ta kontakt med oss - vi fortel deg gjerne meir om alle prosjekta våre!
Vi ønsker å tilsette stabile, positive, velkvalifiserte medarbeidarar
- som har evne til å skapa gode relasjonar
- set barnet og eleven sitt beste i sentrum
- har gode samarbeidsevner
- er sjølvstendige, reflekterte, fleksible og tar ansvar
- har godt humør
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi oppmodar menn til å søka.
Krav til kompetanse
- Godkjent som barne- og ungdomsarbeidar
- Søkarar med anna relevant utdanning/erfaring kan ved behov bli vurderte
- God munnleg og skriftleg framstilling
- Godkjent politiattest
Vaksdal kommune kan tilby
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Gode moglegheitar for støtte til utdanning
- Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil.
Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer. Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og du får store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne.
Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.
Før tilsetting må gyldig politiattest jfr. § 19/§ 17-11 i barnehagelova/opplæringslova fremlegges. Prøvetid er 6 mnd. og for øvrig skjer ansettelsen på de vilkår og med de plikter som følger av lov, tariffavtaler og reglementer.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0fb2b896-abe2-4c8b-af6d-1a3e619f3b89
- Sist endret
19. november 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10316560