Ferievikarar i kommunale barnehagar 2026
Oppvekst, Gloppen kommune
Grandavegen 9, 6823 Sandane
Om jobben
- Stillingstittel
- Ferievikarar i kommunale barnehagar 2025
- Type ansettelse
- Feriejobb, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. februar
Skriv i prioritert rekkefølge kva barnehage du ynskjer å jobbe i, samt kva dato du kan ta til i jobben. Det vil bli nytta intervju ved tilsetting.
Arbeidsoppgåver
I arbeid med barn i barnehage må du bruke språket aktivt og sette ord på det du ser og gjer saman med barna. Du må vere aktivt deltakande i leik og aktivitet. I arbeidet er det viktig at du som vaksen inviterer barn inn i aktivitet. Du må sette grenser og legge til rette for at barn opplever meistring ved å prøve å klare sjølv. Du må elles arbeide etter dei rutiner som gjeld på den aktuelle avdeling.Kvalifikasjonar
Det er positivt om du har jobba med barn eller i barnehage tidlegare, men det viktigaste er at du er motivert for jobben og kan jobbe dei aktuelle vekene. Opplæring vert gitt.
Personlege eigenskapar
- Du er over 18 år, eller fyller 18 år i løpet av 2026.
- Du er punktleg, fleksibel og kan ta ansvar og initiativ.
- Du kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner.
- Du har gode norskunnskapar og likar å vere i aktivitet med barn i alderen 0 - 6 år.
Vi tilbyr
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- God opplæring og oppfølging.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest
Kontaktinformasjon
Anne Kristin Risøy Eimhjellen, Rektor Hyen skule og barnehage, 924 07 655Else Lundestad Bakkelid, Barnehagestyrar Mona barnehage, 970 95 123
Anette Støyva, Barnehagestyrar Breim barnehage, +47 468 73 568
Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 5057804698
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 08.02.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Anette Støyva
Barnehagestyrar Breim barnehage
+47 468 73 568
Else Lundestad Bakkelid
Barnehagestyrar Mona barnehage
970 95 123
Anne Kristin Risøy Eimhjellen
Rektor Hyen skule og barnehage
924 07 655
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9c5fc4e6-ae23-4f46-9741-8522c31a172c
- Sist endret
6. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9b6c7beaab1242268247e1e9c9ab1a05
Lignende annonser
Ferievikar i Bu og omsorgstenesta 2026
Arbeidsgiver
Helse- og velferd, Gloppen kommune
Sted
Sandane
Arbeidsgiver
Helse- og velferd, Gloppen kommune
Sted
Sandane
Arbeidsgiver
Helse- og velferd, Gloppen kommune
Sted
Sandane